Hopp til hovedteksten
Jacobsen_Krajnij_Krog_Ozjigin_nett.jpg
KLAPP PÅ SKULDRA: Redaktørane for den kommande boka om Barentshavet får klapp på skuldra frå leiaren for det russiske fiskeribyrået og departementsråd Jørn Krog i det norske fiskeridepartementet. Frå v.: Tore Jakobsen, Andrej Krajnij, Jørn Krog og Vladimir Ozjigin.
Foto: Gunnar Sætra
Utskriftsvennlig versjon

Overrekte bok om Barentshavet

Den nye boka om Barentshavet er nesten klar. No er den presentert for den norsk-russiske fiskerikommisjonen. Berre finpussen står att.

Norske og russiske havforskarar har samarbeidd sidan 1957. Til neste år er det 55 år sidan samarbeidet starta, og leiinga ved både Havforskingsinstituttet og søsterinstituttet Pinro i Murmansk meiner det er på sin plass å presentere resultata av mellom fire permar.

– Boka er på rundt 800 sider, og då fann vi det praktisk nødvendig å trykke prøveeksemplara i to bind, sa forskingsdirektør Ole Arve Misund før han ga ordet til redaktørane.

104 bidragsytarar

Havforskinga og Pinro har peika ut kvar sin redaktør, og på norsk side er det havforskar Tore Jakobsen som har teke på seg ansvaret for å setje saman innhaldet.

– I boka kan ein lese litt om sjølve samarbeidet mellom norske og russiske forskarar, men mest av alt vil lesaren få kunnskap om sjølve forskinga vi har gjort opp gjennom åra og resultata av den. I alt er det 104 forskarar som har bidrege til boka, 51 norske og 53 russiske, fortalte Jakobsen under presentasjonen. Han seier det framleis må gjerast noko finpuss på tekstane før den endelege boka går i trykken, men at det dreier seg om detaljar.

Forside_Barentsbok_nett.jpg

PRØVEUTGÅVE: Slik ser den nye barentshavboka ut i prøveutgåve. No står finpussen att.

Tidkrevjande,… 

Arbeidet med boka starta i 2004, og Jakobsen stikk ikkje under stol at det har vore ein tidkrevjande prosess.

– Det har hendt at eg har brukt ord som ein helst ikkje skal bruke, men alt i alt er eg svært nøgd med sluttproduktet, seier han.

– Tore har iallfall ikkje brukt slike ord overfor meg, seier medredaktør og havforskar Vladimir Ozjigin med eit smil.

– Det har vore ei sann glede å arbeide saman med Tore, både fordi han er ein hyggeleg kar, men også fordi det har vore lærerikt, seier Ozjigin.

…men nyttig

Ozjigin arbeider til dagleg ved Pinro, havforskingsinstituttet i Murmansk. Han meiner den nye boka om Barentshavet kjem til å vere nyttig, både for forskarar og andre som er opptatt av økosystema i Barentshavet.

– Eg er sikker på at den i tillegg vil vere nyttig for både fiskerinæringa og dei som skal forvalte fisken, seier han.
Tore Jakobsen legg til at det vil vere naturleg å ha boka på pensumlister der kor det drivast undervisning om biologi og økologi i nordområda.

Klapp på skuldra

Prøveutgåva av boka blei overrekt delegasjonsleiarane under den 40. sesjonen til den norsk-russiske fiskerikommisjonen. Møtet finn stad i Kaliningrad i Russland og avsluttast fredag. Både den russiske delegasjonsleiaren, Andrej Krajnij og den norske motparten hans, Jørn Krog, let seg imponere over innhaldet.

– Boka fortel om det gode samarbeidet norske og russiske havforskarar har hatt opp gjennom tida, sa Krajnij.

– Eg er imponert over arbeidet som er gjort, seier Krog og gjev redaktørane ein klapp på skuldra for vel utført jobb.

Kontaktpersoner

Gunnar Sætra
916 11 414