Hopp til hovedteksten
Trål
Utskriftsvennlig versjon

Hald fram med Referanseflåten

Det er rådet Havforskingsinstituttet får frå ein internasjonal komité som har evaluert ordninga. Samstundes føreslår komiteen ei rekkje tiltak for å styrkje og synleggjere dette prosjektet som byggjer på tillit mellom fiskarar og forskarar.

Referanseflåten vart etablert med havgåande fartøy i 2001 og med kystfartøy i 2005. Bakgrunnen for etableringa var å få tilgong til datamateriale direkte frå fiskeflåten. Instituttet hadde trong for å få inn tilstrekkeleg med biologiske prøvar fordelt på område, årstid og reiskap til å kunne berekne fangst, både landingar og utkast, av fisk av ulik alder og storleik til bruk i berekningar av bestandane. Fartøya som er med i Referanseflåten er representative for den norske fiskeflåten, og leverer regelmessig detaljert informasjon til instituttet. Ordninga er finansiert gjennom bruk av forskingskvotar.

-Me har utvikla ein innovativ og kostnadseffektiv datainnsamling frå kyst- og havfiskefartøy, seier Kjell Nedreaas som har vore sentral i arbeidet frå starten. – Frå dag 1 har me brukt desse informasjonane i våre berekningar av fiskebestandane, og det var hovudmålet med ordninga. I tillegg har vi styrka dialogen med næringsutøvarane, og det i seg sjølv er svært nyttig for oss forskarar, understrekar han.

Evalueringa av Referanseflåten vart gjennomført av ein komité på sju personar frå internasjonale vitskapelege miljø og dei viktigaste interessegruppene.

Komiteen tilrår at prosjektet med ein referanseflåte vert ført vidare med nødvendige forbetringar. På bakgrunn av dette vil Havforskingsinstituttet no fornye den havgåande delen av Referanseflåten i ein periode på 4–6 år, med til saman 20 fartøy i ti ulike flåtekategoriar. Utlysinga kjem på Doffin med søknadsfrist 11. november. Utlysing og fornying av Kystreferanseflåten kjem våren 2012.

Fakta om Referanseflåten 2015

• 15 havgående fartøy: 9 fartøy med konvensjonelle redskap, 4 torsketrålere og 2 industritrålere

• 19 mindre kystfartøy (9–15 m), hovedsakelig garnfartøy

• Fartøyene velges på bakgrunn av redskap, fiskeaktivitet og geografi

• Målet er å ha en flåte som er representativ for hele fiskeflåten

• Referanseflåten gir mer detaljert informasjon om artssammensetning i kommersielle fangster enn noe tidligere datasett

• Referanseflåten er, sammen med våre egne fartøy og andre prøvetakere, hovedkilden til alders- og lengdedata for bestandsberegning av de viktigste kommersielle artene

• Referanseflåten er en viktig kilde til informasjon om fordeling mellom kysttorsk og nordøstarktisk torsk

• CPUE-data (fangst per enhet innsats) er blitt brukt som støtte i fiskeriforvaltningen
 

Referanseflåten

Kontaktpersoner

Kjell Nedreaas
995 38 549
Jon Helge Vølstad
469 29 039
Asbjørn Borge
916 14 764