Hopp til hovedteksten
Forskingstasjonen Austevoll
Gjestene frå USA fekk sjå korleis det stod til med krillen i forsøkshallen på Austevoll. Krillen er eit viktig ledd i næringskjeda, og på Austevoll vert det forska på korleis krillen toler ulike gradar av surleik.
Utskriftsvennlig versjon

Samlar seg om forsuringsforsking

Førre veke var amerikanske og norske forskarar samla på Austevoll for å drøfta havforsuring og mogeleg kunnskapsutveksling og forskingssamarbeid innan feltet. 

Havforskingsinstituttet har tradisjon for å samarbeida med tilsvarande organisasjonar i USA, spesielt NOAA (National Oceanic and Atmospheric Administration) i Seattle. For to år sidan møttest forskarane i Seattle. I år var samlinga lagt til Havforskingsinstituttet  sin nyopprusta forskingsstasjon på Austevoll. Deltakarane besøkte også Forskingsstasjonen Matre, der det pågår havforsuringsstudiar på hummar og makrell.        

Felles interesser

– Amerikanarane og vi har felles interesser på mange felt innan havforsuring. På sikt kan det vera aktuelt å koordinera forskingsprosjekt her og i USA, utveksla ekspertise og bruka spesialtilpassa installasjonar hos kvarandre, seier Knut Yngve Børsheim, som hadde ansvar for symposiet.
Havforsuring er eit relativt nytt forskingsfelt, så metodiske utfordringar var også tema på Austevoll.  

Forsking i oppstartsfasen

Overvaking og effektstudiar er sentrale havforsuringsoppgåver både her til lands og hos amerikanarane. Effektstudiane på marine organismar er førebels få og i liten målestokk, og spesielt manglar det kunnskap om korleis havforsuringa vil påverka lågare næringsnivå som plante- og dyreplankton. Innsatsen er venta å auka på dette feltet og fleire prosjekt er i oppstartsfasen.
 

Havforsuring

En tredjedel av karbondioksidmengdene som vi slipper ut i atmosfæren, har til nå blitt løst i havet.

Havet har derfor vært sett på som en pumpe som drenerer atmosfæren for CO2 og dermed forsinker global oppvarming.

Etter hvert som mengden CO2 øker, minsker havets evne til å ta opp CO2. Dette medfører at økte CO2-utslipp til atmosfæren får enda større innvirkning på jordas klimasystem.

Effektene av havforsuring har så vidt begynt å melde seg. Til å begynne med løses CO2 i overflaten og pH-verdien synker der. Deretter forplanter det seg nedover. Denne prosessen tar lang tid. Derfor kommer pH-verdien i havet til å fortsette å synke i mange tiår fremover.

Forsuringen gjør at kalk blir lettere oppløselig. Mange dyr i havet er avhengige av kalk, og de får problem når skall og skjelett ikke lenger fungerer optimalt.

 

Havforsuring

Kontaktpersoner