Forskarane byggjer sine kvoteråd på bestandsberekningar med mange og skiftande storleikar, usikre fakta og kompliserte modellar. Aukande datatilfang og meir sofistikerte målemetodar har gjort berekningane stadig meir avanserte utan at dei nødvendigvis er blitt meir presise. No snur forskarane på flisa: Dei arbeider med å utvikla modellar som er enkle nok til at dei lett kan spora opp feil som skuldast data og hypotesar.
Aldri kontroll på alt
Sett på spissen er det berre ein måte å vita nøyaktig kor mykje fisk som er i havet: Tømma det for vatn og telja fisken.
– Folk vil helst ha eksakte svar, men det er absurd i ei dynamisk verd. I havet er det mange forhold vi ikkje har kontroll over. Vi kan aldri observera alt, men må også synsa, seier Sam Subbey.
I pose og sekk
Sam Subbey er forskar med matematisk bakgrunn. Han arbeider mellom anna med å utvikla modellar for bestandsberekningar som er enklare og meir pålitelege enn dei vi har i dag. Intuitivt kan det verka som ein utopi med enklare modellar i ei verd der datamengda aukar og det stadig kjem meir avanserte metodar for datainnhenting. Men Subbey har tru på at det lèt seg gjera.
– Mengde data er aldri synonymt med mengde informasjon. I havet vil observasjonsrommet alltid vera mykje større enn det vi er i stand til å måla. Og uansett kor nøyaktig innsamlinga har vore vil dei innsamla data til ein viss grad alltid vera usikre. Heller enn å samla inn stadig meir data, bør ein spørja seg korleis vi skal får meir og betre informasjon ut av dei data vi har og korleis vi skal få oversikt over uvissa i dei innsamla data, seier han.
Finna balansen
Enkle modellar med minimale datakrav er lette å ta i bruk, men tar til gjengjeld ikkje opp i seg kompleksiteten i naturen. Dermed vert kvoteråda i sin tur for enkle og i verste fall heilt misvisande. Store modellar med høge datakrav speglar naturen på ein god måte, men er som oftast altfor kompliserte til også å kunna seia noko fornuftig om framtida.
– Jo meir informasjon ein har, jo vanskeligare blir det å ta eit enkelt val. Vi må finna ein balanse som gjer modellane våre i stand til både å gjenskapa det vi ser og å spå om framtida, seier Subbey.

Kvar skoen trykkjer
Samstundes minner Subbey om at dei data som modellane byggjer på er usikre. Feil som skuldast usikkerheit eller mangelfull informasjon i data vil forplanta seg i modellane og vidare gjennom heile prosessen. I verste fall kan feila føra til at forskarane bommar kraftig i sine bestandsberekningar og kvoteråd. Denne problematikken vert det jobba med i ADMAR.
– Heile prosessen fram mot eit bestandsberekninga vert vurdert for å finna ut kvar skoen trykkjer. Vi drøftar også kva som er dei mest avgjerande faktorane i estimeringa av bestandsstorleikane slik at innsatsen på desse områda kan styrkast, fortel Subbey.
Risikovurderingar og konsekvensar
Til sjuande og sist er det politikarane som avgjer korleis fiskebestandane skal forvaltast. På bakgrunn av kvoteråda frå forskarane bestemmer politikarane nøyaktig kor mange kilo torsk, hyse eller sei dei meiner det er forsvarleg at fiskarane tek opp det følgjande året. I ADMAR vert det arbeidd med ei ny form for kvoterådgjeving. Målet er å gje politikarane råd som viser kva konsekvensar låg, middels eller høg beskatning får for bestanden. Slik vert politikarane i større grad enn i dag klar over risikoen dei tar om dei til dømes set kvotane høgare enn det forskarane rår til.
– Vi kan ikkje gje sanninga, men sannsynleggjera kva som vil skje ved ulike scenario. Slik kan politikarane ta ei avgjerd og vita følgjene av det valet dei tar, seier Subbey. Han peikar på at fiskeriforvaltinga ligg langt etter når det gjeld å ta i bruk risikovurderingar og sannsyn. Både i petroleumsnæringa og forsikringsbransjen har ein arbeidd etter desse kriteria i mange år allereie.