Hopp til hovedteksten
Tokt, Flora juni
Årleg vert det samla inn store mengder data på dei ulike forskingstokta til Havforskingsinstiuttet.
Utskriftsvennlig versjon

48 millionar til å samle marine data

Noregs forskingsråd har tildelt 48 millionar til å samle marine data frå 17 norske institusjonar. Havforskingsinstituttet leier arbeidet som skal gi saumlaus tilgong til alle norske marine data og dermed bidra til å effektivisere og styrke både norsk og internasjonal havforsking.
 

–  Målet er å  laga ein  portal der alle brukarar får tilgong til den enorme mengda med marine data som er samla inn gjennom langt over hundre år, seier Helge Sagen som leier Norsk marint datasenter ved Havforskingsinstituttet.

– Me legg opp til ein distribuert database som inneber at vi ikkje skal samle alle data fysisk, men gjere dei tilgjengelege gjennom ein eigen portal og i same form.

– Dette prosjektet har me arbeidd med sidan 2008, og i dag er me veldig stolte over at det no vert ein realitet, seier administrerande direktør ved Havforskinga, Tore Nepstad.

– Marine data er grunnlaget for all vår rådgiving, og det faktum at alle aktørar som samlar inn slike data no opnar opp og deler med kvarandre, inneber at vi vert enno betre i stand til å forvalta denne juvelen i norsk marin forsking.

I tillegg til dei 48 millionane frå Noregs forskingsråd går samarbeidspartnarane inn med eigendelar slik at prosjektet totalt får ei ramme på 83 millionar kroner.

– Dette er grunnlaget for eit historisk samarbeid. At så mange partnarar med ei så stor samling data får til eit forpliktande samarbeid, trur eg er unikt, seier Helge Sagen.

Prosjektet startar i mars 2012.


Dei 17 institusjonane i samarbeidet er:

Havforskingsinstituttet
Meteorologisk institutt
NTNU, Biologisk stasjon, Trondheim
Christian Michelsen Research
Forsvarets forskingsinstitutt
Universitetet i Nordland
Universitetet i Bergen
Universitetet i Tromsø
Universitetet i Oslo/CEES
Nansensenteret
Norges geologiske undersøkelse
Norsk polarinstitutt
Norsk institutt for vannforskning
Norsk institutt for naturforskning
Statens kartverk Sjø
Akvaplan-NIVA
UNI Research – UNI Bjerknes
 

Kontaktpersoner

Helge Sagen
952 15 046