Anne Berit Skiftesvik og Howard Browman, som arbeider på Havforskingsinstituttet, vart nyleg tildelt hovudpotten i ei satsing på forskingsbasert innovasjon. Forskingsrådet og Norsk Designråd står bak satsinga, der designarar vert kopla på lovande forskingsprosjekt.
Samarbeid med Eker design
Potten på 250 000 kroner skal brukast til å laga ein prototype av lakselusfella. Saman med Norsk Designråd og Bergen Teknologiutvikling har dei to forskarane velt firmaet Eker design til samarbeidspartnar. Eker design er ått av Bård Eker; som mellom anna har hausta mykje ære for innovativ båt- og bildesign.
Avhengig av sansane
Anne Berit Skiftesvik og Howard Browman har studert åtferda til lakselusa i fleire prosjekt. Mellom anna har dei kartlagt korleis lusa nyttar ulike sansar til å plukka opp signal frå laksen. Lusa kombinerer syn, lukte- og rørslesansen alt etter kor lang avstand det er til laksen.
– Eit velutvikla sanseapparat er heilt avgjerande for ein parasitt som lakselusa. Lusa døyr dersom ho ikkje finn ein vert, seier Anne Berit Skiftesvik. Ho fortel at lakselusa ikkje ser som i vår forståing av å sjå, men at ho oppfattar og orienterer seg etter lys.

Antennene framme på hovudet til lakselusa er fullpakka med sensorar som reagerer på kjemiske signal frå laksen.
Foto: Lars HamreLokkar med falske stimuli
Vidare har dei to forskarane undersøkt korleis lakselusa reagerer på ulike stimuli. Dei har målt responsen direkte i nervane til lusa og studert timevis med videoopptak. Lusefella byggjer på observasjonane frå desse studiane.
– Lusefella sender ut stimuli som etterliknar dei signala lakselusa normalt orienterer seg etter for å finna ein vert. I oppdrettsanlegg vil feller med slik falsk stimuli trekkja til seg lakselus. Lusene hamnar i fella og døyr i staden for å slå seg ned på laksen, forklarar Anne Berit Skiftesvik.
Miljøvenleg bidrag
Kjemisk behandling av lakselus har fleire negative sider. Behandlinga er uheldig for miljøet, kostbar og lusa utviklar etter kvart resistens mot midla som vert brukte. Lusefella er miljøvenleg og skadar ikkje andre enn lusa.
For Skiftesvik er det likevel viktig å understreka at fella er ei delløysing som kan brukast saman med anna behandling som til dømes leppefisk.
– Vi kan aldri klara å utrydda lakselusa, heller ikkje med lusefeller. Men vi trur at fella kan vera med på å redusera lusetrykket i oppdrettsanlegg og på smolt som går ut i fjorden.
Låg pris og lett å bruka
I tillegg til miljøaspektet har dei to forskarane vore opptekne av at fella skulle vera effektiv, billig og brukarvenleg. Dei ser at desse utfordringane er i gode hender på designsida.
– For oss har det vore uvant, men veldig lærerikt å sjå korleis designarane tenkjer i høve til god utforming og fikse løysingar, fortel Skiftesvik.
Prototypen skal etter planen vera ferdig våren 2012. Førebels er det ikkje løyvd pengar til å testa ut fella.
