Hopp til hovedteksten
Daud krill
Stranda krill frå Storfjorden på Møre.
Foto: Kjell Arne Vik
Utskriftsvennlig versjon

Krill kan stranda i fjæresteinane

Ilanddriven, daud krill vert år om anna observert i fjordane på Vestlandet. Einskilde observasjonar er også gjort Nord-Noreg. Det er spekulert i om strandinga har samanheng med forureining til dømes frå oppdrettsanlegg, men truleg er forklaringa naturleg: Krillen er ført på land av tidevasstraumar eller har rømt unna ein predator.

Stranda krill er ikkje noko nytt fenomen, fortel krill-forskarane Padmini Dalpadado og Tor Knutsen frå Havforskingsinstituttet. Eldre kjelder fortel at somme bønder brukte ilanddriven krill til gjødsel. Fenomenet er observert til dømes i Hardangerfjorden og omtala frå området rundt Trondheimsfjorden for meir enn hundre år tilbake.

Naturlege forhold

Krillen kan danna store stimar med fleire 100 000 individ. Stimane kan strekkja seg over hundrevis av meter. Strandingane kan også vera massive og resultera i metervis lange og kilovis tunge krillbelte i fjæresteinane.
I nokre tilfelle av slik massiv stranding av krill vert Havforskingsinstituttet varsla. Ved eit høve er den daude krillen testa for dei vanlegaste avlusingsstoffa som vert brukte på oppdrettsfisk. Så langt er det ikkje funne spor av desse stoffa i krillen, og den gjengse oppfatninga på instituttet er at strandinga skuldast naturlege forhold.

– Men vi  har for lite prøvematerial til å utelukka at avlusing kan påverka krillen negativt, seier forskar Guldborg Søvik.     

Kjent fenomen

Mest sannsynleg er det spesielle straum- og tidevassforhold som fører krillen  mot land. Krillen bevegar seg lite sjølv og følgjer i hovudsak viljelaust med straumen.

– Skremmeeffekten frå predatorar, særleg når krillen står høgt oppe vassmassane om natta, kan også påverke åtferda deira. For eit par år sidan var det eit tilfelle der etter alt å døma makrellstimar hadde jaga krillen på land, fortel Padmini Dalpadado og Tor Knutsen.

Om dagen held krillen seg nede i djupet for å unngå predatorar. Dei stig opp til overflata for å beita på natta.
Krillen vert trekt mot lys, så stranding kan også vera påverka eller direkte forårsaka av veglys eller andre lyskjelder i nærleiken av stranda. Krillen er sjølv utstyrt med lysorgan som den kan slå av og på. Truleg hjelper lyssignala til med å halda svermen samla. 

Nordleg og sørleg krill

Krill finst i alle verdshav. Det er totalt 85 artar, men det vesle rekeliknande krepsdyret vert  vanlegvis kalla nordlig eller sørlig krill, sistnemnde også går også under namnet antarktisk krill. I våre farvatn reknar vi med tre hovudartar: Storkrill, Meganyctiphanes norvegica (45 millimeter), småkrill Thysanoessa inermis (35 millimeter) og Thysanoessa longicaudata (20 millimeter).

I dag er det hovudsakleg antarktisk krill som vert hausta kommersielt, rundt 200 000 tonn kvart år. På 1960-talet blei det tidvis prøvefanga eit lågt kvantum krill i Hardanger. Krillen vart levert som fôr til Akvariet i Bergen.

Nøkkelart i fjorden og havet

Krillen Thysanoessa inermis (småkrill), som i hovudsak lever av planteplankton, er ein nøkkelart i Barentshavet og viktig mat for lodde, ungtorsk og sild. Krillen er rik på lipidar (feittsoff) og kan utgjera inntil 60 prosent av dietten til den vaksne lodda.

I Norskehavet og dei vestnorske fjordane er det storkrill, som i sterkare grad har små kopepodar (dyreplankton) på menyen, som er den viktegaste arten. Storkrillen er ei viktig matkjelde for blant anna kolmule og sild. I alle havområde finn ein at sjøpattedyr og sjøfugl beitar på krill.
 

Kontaktpersoner

Tor Knutsen
55 23 85 76
Padmini Dalpadado
936 34 035