Hopp til hovedteksten
kongesei.jpg
Kongeversjonen av sei og torsk har truleg fått namnet sitt etter forma på hovudet, som både lignar på ei krone og har god passform til ei krone. Det vart også sagt at kongetorsken/-seien førte dei andre fiskane inn i gytefeltet.  
Foto: Terje van der Meeren
Utskriftsvennlig versjon

Kongefiske etter sei og torsk

Forskarane fiska etter rømt oppdrettstorsk og avkommet etter rømlingane. På kjøpet fekk dei ein kongesei.    

Seien med det kraftige underbitet er ein såkalla kongesei, og vart fanga på forskingstokt i Førdefjorden.  Fisk med denne typen skavankar er mest utbreidd hos torsk, og kongetorsk er eit kjent, men relativt sjeldan, fenomen langs kysten.

Sikrar fiskelukke

Kongetorsken var sterkt myteomspunnen før i tida; fiskarar som fekk ein kongetorsk var sikra hell og lukke på havet.

– Kongesei er  heller ikkje så vanleg. Innimellom dukkar det opp ein og annan med denne spesielle forma på hovudet. Sannsynlegvis dreier det seg om ein feil i utviklinga under larvestadiet. Feilen har likevel ikkje vore større enn at seien har nådd vaksen alder, fortel forskar Terje van der Meeren frå Havforskingsinstituttet. Men han legg til at kongeseien ikkje var spesielt feit. Truleg har fisken vore hemma av deformiteten i kjeven.    

Kongesei i heilfigur

Ein sei kan bli over ein meter lang og 20 kilo. Den runde profilen og nebbforma underkjeven har truleg hemma kongeseien sitt matopptak.  

Foto: Terje van der Meeren

Leitar etter rømt oppdrettstorsk

Det er ikkje for å fiska etter kongeleg torsk og sei at van der Meeren og forskarkollegaene er på tokt langs kysten utanfor Hordaland og Sogn og Fjordane. Dei leitar etter rømt oppdrettstorsk med eit heilt spesielt genetisk kjenneteikn (markør). Markøren gjer det mulig å følgja genane frå oppdrettstorsken – og eventuelt avkom av oppdrettstorsken – inn i dei ville bestandane av torsk. Studien av genetisk interaksjon (gjensidig påverknad) mellom villtorsk og oppdrettstorsk vart starta opp i 2006.

Villtorsk og oppdrettstorsk finn saman

Til skilnad frå laks så gyter oppdrettstorsk i merd. Dei befrukta egga driv ut av merden og kan førast med straumen til område med ville torskebestandar. Studiane har vist at torskeegg og -yngel frå merdar når kjønnsmoden alder ute i det fri. Torsk i oppdrett rømmer også langt hyppigare enn oppdrettsslaks. Oppdrettstorsk og villtorsk har altså fleire anledningar til å få felles avkom. Spørsmålet er om eit slikt hopehav på sikt kan svekkja arvematerialet hos villtorsken.  

Avslørt av genetisk markør

Det er produsert store mengder yngel med den særmerkte genetiske markøren for å avdekkja i kva grad oppdrettstorsk påverkar dei ville bestandane av torsk. Forskarane leitar både etter rømt oppdrettstorsk og eventuelt avkom frå rømlingane. 

Om bord vert torsken fortløpande analysert, og forskarane får raskt svar på om fisken har den aktuelle genetiske markøren.

–  Prøvane frå hausttoktet viser klare spor etter oppdrettstorsk i systemet. Meir avanserte køyringar må til for å finna svar på om torskeyngel kjem frå blandingsekteskap mellom vill- og oppdrettstorsk.  Vi gjer ytterlegare analysar i vinter for å finna svar på dette, seier van der Meeren.