Fagerbergutvalet har vurdert måloppnåinga i offentleg finansiert forsking og kjem med eit sett råd for å forbetra systemet.
Kritisk til meir konkurranse
Blant anna foreslår utvalet å konkurranseutsetja ein større del av løyvingane til marin forsking. Havforskingsinstituttet stiller spørsmål ved dette framlegget. Skal Noreg løysa utfordringane innan havforvalting er det heilt avgjerande med eit omfattande forskings- og overvakingsapparat. Eit slikt apparat er avhengig av at den marine forskingsinnsatsen er langsiktig og konsentrert.
Havforskingsinstituttet peikar vidare på at det marine forskingsfeltet allereie i dag er ein arena med betydeleg konkurranse.
Viktige langstidsseriar
Frå Havforskingsinstituttet vert det også teke til orde for å oppretthalda og utvikla langtidsseriane frå norske havområde. Det er viktig å synleggjera kor viktige desse seriane er for å overvaka, forstå og gje råd om dei store marine økosystema.
