Hopp til hovedteksten
Argobøye
Ei Argobøye på veg ut i Norskehavet
Utskriftsvennlig versjon

4 millionar til overvakingsbøyar

Havforskingsinstituttet fekk 4 millionar kroner frå Noregs forskingsråd sine infrastrukturmidlar til investering i nye Argo-bøyar. Dette er bøyar som leverer data av høg kvalitet i nær sann tid og til ei kvar tid. Midlane skal også dekkje medlemskap i det europeiske Argo-nettverket som vert etablert i 2012.

–Vi sette ut dei første Argo-bøyane i 2002 og har til no sett ut 15 bøyar, seier prosjektleiar Kjell Arne Mork. –Tre av desse bøyane er framleis aktive, men kvar bøye ”lever” berre i fire år og det er difor naudsynt å ha midlar til kontinuerleg utskifting, understrekar han, og legg til at Havforskinga er den einaste institusjonen i Noreg som har sett ut slike bøyar.

Ei Argo-bøye driv med straumen på om lag 1000 meters djup og kjem til overflata kvar tiande dag. Då måler den temperatur, saltinnhald og trykk annakvar meter på veg opp til overflata. Når den er i vassflata sender den alle lagra data via satellitt, før den senkar seg ned att i djupet. Innan 24 timar er dataa tilgjengelege for alle på internett. Havforskinga sine bøyer har også sensorar for måling av oksygen og fluorescens.

Argosyklus

Argo-syklus

–Våre bøyar er ein del av eit internasjonalt nettverk med meir enn 3 300 bøyar som driv over heile kloden, fortel Mork. –Dei norske bøyane driv i Norskehavet og i Lofotbassenget, og vi brukar informasjonen dei gir oss til å overvake og forske på endringar i havklima. Med dei ekstra sensorane kan vi også studere fleire biologiske prosessar. Vi er altså ein del av eit unikt havobservasjonssystem.

Dei fire millionane vert gjevne over 2,5 år. Euro-Argo vil være ein del av det internasjonale nettverket, men vil òg krevje auka innsats i fleire regionale havområde, som Dei nordiske hav og Middelhavet.