Hopp til hovedteksten
Framsenteret
Det nye Framsenteret i Tromsø
Foto: Polarmiljøsenteret
Utskriftsvennlig versjon

Miljømillionar til forsuring og fjord- og kystøkologi

Miljøverndepartementet har løyvd 32,9 millionar kroner til klima og miljøforskinga på Framsenteret. 10 millionar av potten går til dei to flaggskipa som Havforskningsinstituttet leier. ”Effekter av klimaendringer på fjord- og kystøkologi i nord” og ”Havforsuring og økosystemeffekter i nordlige farvann” får inntil fem millionar kroner kvar.

– No har startskottet gått og vi kan byrja arbeidet med kjerneprosjekta våre: prosess- og effektstudiar av havforsuring i Arktis, seier Maria Fossheim, som leiar flaggskipforskinga på havforsuring på Framsenteret.           

Effektar og prosessar

Framsenteret, som i alt tel 5 flaggskip, opna hausten 2010. Maria Fossheim er glad for at arbeidet no går over frå planlegging til driftsfase.

– Vi har  brukt tida til å velja ut og vedta satsingsområda våre. Forskinga konsentrerer seg om effektar og prosessar i Arktis. I prosesstudiane undersøkjer vi korleis havforsuringa artar seg i kalde farvatn og i kombinasjon med havissmeltinga. Effektstudiane omfattar marine organismar i Arktis og korleis dei klarar seg når havet vert surare. Blant anna skal vi studera korleis havforsuring påverkar kaldtvasskorallar.

Menneskeskapt eller naturleg?

Det andre flaggskipet som ligg under havforskingsinstituttet si leiing er ”Effekter av klimaendringer på fjord- og kystøkologi i nord”. Arne Bjørge har hovudansvaret for dette  satsingsområdet. Naturlege klimavariasjonar betyr mykje for produktiviteten i fjord- og kystøkosystema. Ei av dei faglege utfordringane i dette flaggskipet vil vera å skilja mellom effektar av naturlege klimasvingingar, menneskeskapte klimaendringar og anna verksemd og aktivitet.

Tverrfagleg forsking

Det fulle namnet til Framsenteret er Fram – nordområdesenter for klima- og miljøforskning. Senteret omfattar 500 forskarar frå 19 forskningsinstitusjonar i Tromsø, som skal bidra til at Noreg framleis skal vera ein utmerkt forvaltar av miljø og naturressursar i nord.