Hopp til hovedteksten
kveitelarve
Kveitelarvene er ikkje så lette å finna. Med dei fire larvene frå Skjerstadfjorden er det no funne 63 eksemplar på verdsbasis. 
Foto: Terje van der Meeren
Utskriftsvennlig versjon

Uventa og viktig funn av kveitelarver

Dei fire kveitelarvene som hamna i håven under eit torskelarvetokt i Nordland tilhøyrer ein eksklusiv klubb. Til tross for at kveita er utbreidd på begge sider av Nord-Atlanteren er berre 59 kveitelarver funnen på verdsbasis tidlegare.

At larvene til kveita, den største beinfisken i våre farvatn, skal vera så vanskeleg å finna, kan synast som eit paradoks. Forklaringa ligg i biologien til hokveita og hos avkommet sjølv.

Lettare å finna torskeegg

Egg og larver frå fisk har generelt låg overleving; anten blir dei mat for andre eller dei svelt i hel. Både torsk og kveite kompenserer for dette med å produsera store mengder egg. Kveita produserer mellom ein halv og sju millionar egg per gytesesong. Ei stor torskeho kan gyta mellom fem og ti millionar egg.

Talet på egg er sterkt avhengig både av storleiken på den einskilde gytefisken og gytebestanden sett under eitt, og forskarane snakkar heller om biomasse (den samla vekta av all gytefisken) enn kor mange egg kvar hofisk gyt.

– Generelt vil biomassen hos torsk på et gytefelt langt overstiga biomassen for kveite; rett og slett fordi det er mange fleire torskar enn kveiter. Torsken gyt ofte i bukter og viker på grunnare vatn, og det er difor mindre volum med vatn som torskeegga og larvene kan verta spreidde i. Kveita gyt gjerne i djupet midt i fjordane, forklarar forskar Terje van der Meeren, som oppdaga kveiteyngelen og fekk han DNA-testa.

Held seg i djupet

Kveita føretrekkjer å gyta på blautbotn på mellom 300 og 700 meter, men det er funne kveiteegg så djupt som 1000 meter. Dei nyklekte larvene blir verande ei god stund i djupet, der dei livnærer seg av innhaldet i plommesekken dei har med seg frå egget.

– Plommesekkstadiet varer så lenge som 40 dagar. På denne tida rekk larvene å spreia seg godt i dei store vassmassane i fjorden. Det er nok grunnen til at dei er observert så sjeldan. For å finna kveitelarver i dette stadiet må det takast veldig mange prøvar med håv i djupet. Hittil har ein ikkje funne plommesekklarver, men vi veit dei står djupt ut frå åtferda deira i oppdrett, seier Terje van der Meeren.

Opp for å eta

Når det er slutt på plommesekken må kveitelarvene fanga sin eigen mat. Dei sym til dei øvste vasslaga der maten – for det meste raudåtelarver – er å finna. Larvefangsten i Nordland vart gjort på fem til ti meters djup. Larvene var ca. 16 millimeter lange og antakeleg nær to veker gamle (alder målt etter første næringsinntak). Dei vart fanga saman med raudåte og torskelarver.

– Å finna så mange som fire kveitelarver på et så tidlig stadium er særs uvanleg, og betyr at det truleg er mykje kveitelarver i Skjerstadfjorden i år. Lokale fiskarar har fått ungkveite i torskegarn og også fanga ei og anna stor kveite i fjorden. Det tyder på at det er både aktive gytefelt og oppvekstområde for kveiteyngel i Skjerstadfjorden, seier Terje van der Meeren.  

Lært av oppdrettskveita

Det meste av kunnskapen om dei tidlege livsfasane hos kveita kjem frå forsking knytt til yngelproduksjon hos oppdrettskveite. Kveiteegga inneheld eit klekkjeenzym som vert hindra av lys. I kveiteoppdrett blir likevel lys brukt for å få til ei synkronklekking. Embryoa i egga utviklar seg med litt ulik hastigheit. Nokon egg vil derfor vere klar til å klekke før andre, som er ei ulempe i oppdrett. Seint i utviklinga  vert derfor egga eksponerte for nok lys til at dei ikkje klekker. Når dei fleste egga er klar for klekking vert så lyset sløkt, og egga klekkjer innan ein time. I oppdrett skjer dette i store ”kveitesiloar”, der eggeskalla søkkjer til botnen og enkelt kan fjernast.

Utnyttar larveåtferda

Dei nyklekte larvene er lette og vil stiga i vassøyla. Etter få dagar vert dei tyngre og søkkjer mot botnen igjen. I denne fasen vil larvene symja vekk frå lyset, og i siloane er det difor heilt mørkt. Etter vel 40 dagar nærmar dei seg stadiet der dei må fanga sin eigen mat. I sjøen vil dei då symje aktivt opp mot den lyse overflata der maten er. I siloane vert denne åtferda nytta til å fanga alle larvene i bøtter under ei lyskjelde når dei skal over i startfôringstankane. 

Bonus på torskeyngeltokt

Larvefunna i Skjerstadfjorden vart gjorde då forskarane frå Havforskingsinstituttet samla inn torskelarver frå gyteområde for torsk. Feltarbeidet vart gjennomført for å undersøkja om rømt oppdrettstorsk har produsert avkom på gytefelta i fjorden. Dei fire kveitelarvene var ein uventa bonus, som viser at det etter alt å døma også er kveite som gyt og veks opp i Skjerstadfjorden.

– Det er såpass oppsiktevekkjande med observasjonar av ville kveitelarver at vi spøkar med at vi no har stoff til fire publikasjonar. Uansett viser funna at det vi har sett av kveitelarveåtferd i oppdrett også gjeld ute i naturen. I vidare planlegging av korleis fjorden skal brukast må det takast omsyn til at det er gyte- og oppvekstområde for kveite her, seier Terje van der Meeren.  

 

Fakta om atlantisk kveite

Latinsk navn: Hippoglossus hippoglossus
Andre norske navn: Hellefisk, helleflyndre, kvitkveite
Familie: Pleuronectidae (flyndrefamilien)
Maksimal størrelse: Over 3,5 m og nærmere 300 kilo (hunn). Hannene blir opptil 50 kilo
Levetid: Opptil 60 år. Hunnene blir betydelig eldre enn hannene
Leveområde: Unge kveiter lever på kysten på relativt grunt vann, store kveiter finnes ute i de store havene
Utbredelse: Begge sider av Nord-Atlanteren og tallrik utenfor Newfoundland og Labrador. Finnes fra Cape Cod (USA) til nordover vestkysten av Grønland, i belte fra Øst-Grønland og Island over Svalbard til Novaja Semlja og helt ned mot Biscaya
Gyteområde: Foregår på 300–700 m dyp, i dype groper på fiskebankene langs kysten eller i fjordene.
Gytetid: Fra desember til mai.
Føde: Utpreget rovfisk som spiser bunnfisk som brosme, ulker og hyse, samt mer pelagiske arter som torsk, sild, lodde og blekksprut

Kveite

Kontaktpersoner

Marie Hauge
975 68 384