Hopp til hovedteksten
Knoelhval
På undersida av halefinnen har knølkvalen individuelle fargeteikningar.   
Foto: Kjell Arne Fagerheim
Utskriftsvennlig versjon

Sjøpattedyrrapporten på engelsk

Rapporten Sjøens pattedyr gir eit oversyn over dei ulike sjøpattedyrartane, utviklingstrekk, fangsthistorikk og forvaltinga i dag. No er rapporten omsett til engelsk under namnet Marine Mammals.

Det har mangla eit komplett ”oppslagsverk” på sjøpattedyr, så rapporten ”Sjøens pattedyr” var etterlengta då han kom ut i fjor.

Den engelske versjonen kjem akkurat i tide til årets møte i den vitskaplege komiteen i IWC (Den internasjonale hvalfangstkommisjonen), som startar sin møtesesjon i Tromsø denne veka.

Arne Bjørge frå Havforskingsinstituttet er redaktør for rapporten, og med seg har han sjøpattedyrforskarar frå eige institutt, Norsk polarinstitutt og Universitetet i Oslo.

Rapporten gir ei generell innføring om sjøpattedyr, viktige evolusjonstrekk og artane som lever i norske farvatn. I tillegg inneheld rapporten sju artiklar om dagsaktuelle forskingstema og ei skjematisk oversikt over alle verdas sjøpattedyr.  

Utanriksdepartementet og Fiskeri og kystdepartementet har vore med og finansiert rapporten i engelsk språkdrakt. 


 

Engelsk rapport

Kontaktpersoner

Marie Hauge
975 68 384
Arne Bjørge
913 14 810