-Regjeringa følgjer opp det dei omtalte i Stortingsmeldinga om revisjon av forvaltingsplanen, og det inneber at det skal skaffast meir kunnskap mellom anna om tilhøva på havbotnen gjennom botnkartleggingsprogrammet MAREANO. Dette programmet får ei tilleggsløyving på 44 millionar i revidert nasjonalbudsjett, midlar som både skal brukast i dei tidlegare omstridde områda i Barentshavet og til å fullføre kartlegginga i Nordland VI.
-Havforskingsinstituttet har ein sentral rolle i forvaltingsplanarbeidet og eg reknar med me også får mykje å gjere med å hente inn meir kunnskap, seier administrerande direktør Tore Nepstad og viser til at gytefelt, gytebestandar av fisk og botnhabitat er mellom dei område Statsråd Lisbeth Berg Hansen vil ha meir kunnskap om.
