Laksen som kjem inn til norskekysten er ein del av det ICES omtalar som det nordaustlege bestandskomplekset. Rådet er først og fremst retta mot dei blanda laksefiskeria utanfor Vest-Grønland og Færøyane. Fisket på Vest-Grønland er ein del av urfolk sine rettar. Ved Færøyane har det ikkje vore noko sjøfiske etter laks sidan tidleg på 2000-talet.
Det føreligg ein plan for føre-vâr forvalting av laksen i havet. Målsettinga med planen er å halde alle bestandane over ei gitt tiltaksgrense. ICES har definert at det inneber at talet på gytefisk på skal gi maksimalt vedvarande langtidsutbytte.
Rådet for laksefiskeria i Noreg kjem frå Vitskapleg råd for lakseforvalting seinare i mai.
