Hopp til hovedteksten
Måleapparat
Linda Fonnes Lunde studerer det nye apparatet, som det tok fleire dagar å installera.  
Utskriftsvennlig versjon

Held auge med havforsuringa

Med nytt teknisk materiell, konkrete forsøk og overvaking trappar Havforskingsinstituttet opp forskinga på havforsuring.      
 

To etterlengta apparat er no i drift på kjemilaboratoriet på Havforskingsinstituttet. Forskar Yngve Børsheim er ansvarleg for metode og kvalitetskontroll i havforsuringsforskinga på instituttet. Han er svært glad for nyanskaffingane, sjølv om dei kan sjå litt gamaldagse ut, er apparata bygde for å oppnå best mogeleg presisjon. Måleapparata vert drifta manuelt, og prosessen er arbeidskrevjande. 

Presise resultat

– Dei ser ut som 1940-tals teknologi, og er 1940-tals teknologi. Men dei to apparata er det ypparste som er på marknaden i dag. Laboratorieutstyret til dette forskingsfeltet er lite automatisert, men til gjengjeld er det høg presisjon i dei resultata vi får ut, forklarar han.

Ein kvart liter sjøvatn vert køyrd gjennom det intrikate røyrsystemet, der all CO2-en vert driven ut av vassprøva. Etter vel ein halv time er det klart kor mykje CO2 vatnet inneheldt.  

Forsuring forvitrar

Havforsuring skjer – grovt fortalt –  fordi havet tek opp stadig meir karbonsyre frå eit akselererande CO2-utslepp. Prosessen blir kalla havforsuring, men – påpeikar Børsheim – havet kan aldri bli surt, det blir bare mindre basisk. 

Når pH-verdien i havet går ned løyser kalk seg lettare i vatnet og det kan blant anna gå utover skaldyr, korallar og andre marine organismar som er avhengige av kalk til skjelett og skal. Dei siste ti til tjue åra er det i aukande grad forska på effektane av havforsuring, og på Havforskingsinstituttet er innsatsen intensivert dei to siste åra.

Forsøk med skaldyr og fisk

Det er bygt opp fasilitetar til omfattande effektstudiar av havforsuring på instituttet sine forskingsstasjonar i Matre og på Austevoll.
På Austevoll pågår det mellom anna forsøk med fiskeyngel, raudåte og kamskjel.

I dei store tankane på anlegget i Matre skal det studerast korleis større fisk reagerer på eit havmiljø med stadig lågare pH-verdi. 

Saman med Norsk Polarinstitutt leiar Havforskingsinstituttet Framsenteret (Tromsø) sitt flaggskip for havforsuring og økosystemeffektar i nordlege farvatn. Samarbeidet i Tromsø omfattar fleire av institusjonane på senteret samt andre nasjonale og internasjonale forskingsmiljø. Det vert særskildt satsa på prosessar knytta til Arktis og havisen og korleis havforsuring påverkar artar og økosystem. 

Overvakar kyst- og havområde

I Noreg har Bjerknessenteret føretatt målingar av CO2 sidan byrjinga av 1990-talet. Desse målingane er i hovudsak gjort i samaband med enkeltprosjekt. På oppdrag frå Klif har Havforskingsinstituttet byrja ei systematisk overvaking av havforsuringa i norske kyst- og havområde. Børsheim fortel at det også er gjort eit stort arbeid med å analysere dei historiske data frå Bjerknessenteret.