Hopp til hovedteksten
Hyse
Utskriftsvennlig versjon

Grøderikt i Barentshavet – høgare torske- og hysekvoter

Årets kvoteråd speglar dei store mengdene torsk og hyse i Barentshavet. Det er nærare 40 år sidan det sist var eit så stort hysefiske som rådet på 318 00 tonn legg opp til for neste år: I 1973 vart det fiska 322 000 tonn hyse – 4000 tonn meir enn det ICES foreslår for neste års kvote.

Det internasjonale rådet for havforsking (ICES) offentleggjer i dag kvoteråda for 2012 for botnfiskbestandane i Barentshavet og langs norskekysten nord for 62 N.

Det 318 000 tonn store kvoterådet på hyse er fem prosent større enn årets kvote (303 000 tonn).
Framlegget til torskekvote på 751 000 tonn er den høgaste kvoten på 15 år, og åtte prosent høgare enn årets kvote.

Fornuftig forvalting

Gytebestanden er rekordhøg både for torsk og hyse.

– Det ser bra ut. Etter fem år med ei fornuftig forvalting i Barentshavet ser vi no at torske- og hysebestanden er gått kraftig opp, seier forskar Sigurd Tjelmeland frå Havforskingsinstituttet. Han åtvarar likevel mot å tru at bestandane vil veksa inn i himmelen. 

– Målingane våre viser at både torske- og hysebestanden byrjar å minka i åra som kjem. 

Nedgang for sei, stabilt for blåkveite

For sei nord for 62 N er kvoterådet 164 000  tonn, fem prosent lågare enn årets kvote på 173 000 tonn.

For blåkveite er kvoterådet 15 000 tonn, som er det same som den avtalte årlege kvoten for perioden 2010–2012.

Ikkje direktefiske av uer og kysttorsk

For snabeluer, vanleg uer og kysttorsk tilrår ein at det ikkje skal vere noko direkte fiske, og at bifangst i andre fiskeri skal haldast så låg som råd er. For kysttorsk tilrår ein at den nye gjenoppbyggingsplanen skal følgjast, neste års reguleringar er her avhengige av resultata frå kysttorskundersøkingane til hausten. 
 

Kontaktpersoner

Marie Hauge
975 68 384