Hopp til hovedteksten
Sei
Foto: MAREANO, Havforskningsinstituttet
Utskriftsvennlig versjon

Foreslår lågare kvote for sei i Nordsjøen

ICES foreslår å redusera neste års seikvote i Nordsjøen. Kvoterådet er på 87 544 tonn –ein nedgang på nett over 15 000 tonn frå 2011-kvoten.  
 

ICES (Det internasjonale rådet for havforsking) har nyss kome med sine kvoteråd på dei viktigaste nordsjøbestandane. Råda omfattar torsk, sei, hyse, kvitting, raudspette og øyepål i Nordsjøen.

Dårleg rekruttering

Seien er den viktigaste botnfisken for det norske fiskeriet i Nordsjøen. I år kan norske fiskarar fiska nærare 50 000 tonn sei i Nordsjøen. Neste år vert kvoten redusert, dersom rådet frå ICES vert teken til følgje.
Rekrutteringa til seibestanden har vore under middels dei siste 5 åra. I 2009 sank rekrutteringa til eit rekordlågt nivå.

Kraftig reduksjon

Irene Huse, som er forskar på Havforskingsinstituttet, fortel at det ikkje kunne gjerast bestandsvurdering for sei i 2010 på grunn av manglande data frå 2009.

– Årets bestandsvurdering viser at gytebestanden – som har vore større enn føre var grensa på 200 000 tonn i perioden 2001 til 2008 – no er redusert til 106 000 tonn, som er kritisk grense for bestanden, seier Irene Huse.

Auke for kvitting, hyse og raudspett

Når det gjeld kvitting, hyse og raudspette har ICES foreslått noko større kvotar. For torsk i Nordsjøen er kvoterådet om lag som i fjor.

For øyepål er det kome eit kvoteråd på 6000 tonn. Rådet gjeld for 2011 og er ei oppdatering av anbefalinga om nullfiske som kom i oktober 2010.
  

 

Kontaktpersoner

Irene Huse
412 51 661