Hopp til hovedteksten
Slepping av torsk
Studiar i andre land viser svært god overleving hos fisken dersom han vert sleppt ut på ein forsiktig måte. 
Utskriftsvennlig versjon

Fisketuristane slepp ut att torsken

Ferske tal frå Havforskingsinstituttet viser at turistane som fiskar i Noreg slepp ut att ein stor del av fangsten. Om ein slik fang-og-slepp praksis er gunstig eller ikkje er avhengig av kor stor del av fisken som faktisk overlever turen opp av og attende til sjøen. 

– Vi har ikkje tal som viser overlevingsraten blant fisken som vert sett ut att i sjøen. Det vil variera frå art til art, og elles vera avhengig av faktorar som temperatur, djup og eventuelle skadar fisken har fått, seier Keno Ferter, som står bak mastergradsarbeidet om fang-og-slepp (catch-and-release) blant fisketuristar. 

Slepper ut ein million torsk

I fleire år verserte det ulike og langt på veg ufunderte oppfatningar om kor mykje fisk fisketuristane tek opp frå kyststrøka våre. Etter ei grundig kartlegging kunne Havforskingsinstituttet i 2010 leggja fram tal som viste at det årleg vert teke i land 3335 tonn i turisfisket (i bedriftssektoren).

Turistfiskeprosjektet vart vidareført med mastergradsarbeidet til Keno Ferter, som studerte ved Universitetet i Bergen. Han har kartlagt kor utbreidd praksisen med fang-og-slepp er blant fisketuristane. Undersøkingane hans viser at det er sannsynleg at så mykje som 60 prosent av sei, torsk og hyse fanga av  fisketuristane i Nord Noreg vert sleppt ut igjen. Ser ein på bedriftssektoren i Nord Noreg åleine kan fisketuristane ha sett ut att så mange som ein million torskar (tal frå 2009). Fang-og-slepp er utbreitt også elles langs kysten.

Etiske sider med fang-og-slepp

Fisketuristane set først og fremst fisken ut att fordi han er for liten. Det treng ikkje bety at fisken er under minstemål. Ein del fisketuristar slepper også ut igjen fisk av di dei alt har fiska opp kvota på 15 kilo.
Studien til Keno Ferter viser at fisketuristane reknar fang-og-slepp som miljøvenleg.

– Utslepp av fisk har likevel ein del etiske sider. Den einskilde fisken kan ha smerte og skade frå fiskekroken og opphaldet på land. Fisken kan døy direkte av skadane eller indirekte av di den får vanskar med å ta til seg mat og vert eit lett bytte for andre rovdyr, seier Keno Ferter.

Viktig å vita overlevingsraten

Det er ikkje gjort studiar som syner kor stor del av fang-og-slepp-fisken som overlever. Dersom ein stor del døyr vil det påverka det totale uttaket til fisketuristane. Er overlevinga høg vil omfanget av fang-og-slepp ha mindre å seia for totalfangsten.

– Uansett er det viktig for forskarane å vita både omfanget av slepp-og-fang og overlevingsraten hos fisken når dei skal gjera bestandsberekningar for dei ulike artane. Landingane åleine gjev ikkje eit ekstakt bilete av kor mykje fisk som døyr som følgje av turistfiske. At ein såpass stor del av fangsten til turistane aldri kjem i land, bør også takast med i betraktning når reguleringane for fisketurismen vert bestemte, seier Keno Ferter.