- Situasjonen i makrellfiskeria i nordaust-Atlanteren gjer at det er behov for oppdatert kunnskap om korleis denne arten fordeler seg i Norskehavet. Difor gjer vi eit ekstraordinært tokt no i sommar, seier forskingsdirektør Ole Arve Misund.
– Me leiger eit kommersielt fartøy til å gjere kartlegginga og reknar med å starte allereie 18. juli og halde på til 10. august, sier han.
Planen er vidare å merke makrell i slutten av august og i september. Arbeidet startar i Vestfjord-området i slutten av august og i Hordaland og Rogaland i slutten av september.
