Hopp til hovedteksten
Sild i stim
Utskriftsvennlig versjon

Stimar mot ny kunnskap

Store fiskebestandar som sild og makrell lever i stimar. Å symja rundt tett i tett i store grupper er til fordel for fisken for å unngå fiendar, halda kursen under vandringar og finna føde. Korleis individa inne i ein stim justerer åtferda i høve til dei næraste naboane sine, og korleis dette fungerer som ein informasjonsbærar i stimen, har lenge fascinert forskarane.

- Inne i ein stim får fisken tilgang til informasjon frå dei andre individa i stimen. Ein kan seia at fisken ”snakkar saman” ved måten dei oppfører seg på. Dette er ikkje ulikt oss menneske når vi får panikk og let oss i stor grad styra av dei som er rundt oss, seier forskar Nils Olav Handegard.

- Fascinerande implikasjonar

Saman med ei gruppe forskarar ved Havforskingsinstituttet og ei rekkje andre forskingsinstitusjonar både innanlands og utanlands har han no fått pengar frå Fribio-programmet i Noregs forskingsråd. Desse frie midlane gjer det mulig å gjennomføra grunnleggjande forsking det er elles er vanskeleg å finna plass og tid til.

Handegard meiner stimoppførselen til fisk har mange fascinerande implikasjonar. Individa i ein slik stim deler informasjon med individa rundt seg, og kan gjennomføra mykje meir komplekse oppgåver enn dei kunne gjort som enkeltindivid.

Sild

Stim i mange størrelsar

Stimåtferd er noko som har fascinert forskarane i lang tid. Dette er ikkje nødvendigvis avgrensa til fugl og fisk.

- Stimåtferd spelar og ei viktig rolle for å forstå andre samanhengar i biologien. Til dømes har ein nytta relativt enkle stimmodellar på spreiing av kreftceller, og ein stiller spørsmålet om dette fenomenet er meir generelt enn det vi har trudd tidlegare. For å svara på slike spørsmål treng ein gode metodar for å observera slik åtferd i naturen, og det er spesielt her vi er gode, seier Handegard.

Han trur studier av stimåtferd kan gje ny innsikt frå enkle cellenivå til store, kompliserte økosystem. Slik grunnleggjande kunnskap har også konkret nytteverdi for sentrale fagområde for Havforskingsinstituttet, til dømes åtferda til fisk medan den vert fanga.

Sterke signal

Nils Olav Handegard

Nils Olav Handegard

- Vi har oftast sett på ytre stimuli og respons. Men stimuli frå individa inne stimen kan vera like sterke, og i mange tilfelle sterkare. Fisken kan altså verta skremd like mykje av oppførsla til dei andre fiskane i stimen som av den ytre faren i seg sjølv, og det er viktig når ein skal forstå fangstprosessen, seier forskaren.

 Handegard meiner at dersom dei greier å knyta generelle reglar for kollektiv åtferd til det dei observerer i felt, opnar dette opp for mykje interessant forsking.

 - Kanskje vi kan bruka observasjonar om stimåtferd i havet til å læra oss noko om dei generelle reglane korleis cellene våre fungerer? Vi har ambisjonar om å gjera vårt bidrag opp mot det internasjonale miljøet på dette spennande feltet, seier havforskaren.

Firedelt prosjekt

Den første delen av prosjektet skal testa og modellera ulike lydkjelder og andre stimuli som skal nyttast til å skremma fisken. Deretter skal ulike hypotesar for stimdynamikk testast i laboratoriet i samarbeid med forskarar ved amerikanske Princeton University. Eit utval av resultata frå desse forsøka vil så verta testa på sild i merd. Hensikta er å finna ut om resultata er generelle nok og om dei kan overførast til sild i våre farvatn. Den siste delen av prosjektet vil nytta sonarobservasjonar for å prøva å kopla det dei har funne ut til observasjonar i fisken sitt naturlege element.

- Vi håpar dette kan gje oss svar på om kva resultat frå laboratorieforsøka som kan overførast til felt, og kva implikasjonar dette har for å skalera opp frå individ til større skala, seier Handegard.

Stim med sild.jpg

Prioriterer kvalitet

Prosjektet har fått ni millionar kroner frå Noregs forskingsråd. I tillegg kjem to millionar  i eigenfinansiering og fartøytid. Midlane frå Fribio-programmet er støtte som brukast til grunnleggjande forsking der den vitskaplege kvaliteten har vore det viktigaste kriteriet for tildeling.

I stimen av fagfolk som nå skal sjå nærare på dette temaet er også Svein Løkkeborg, Eirik Tenningen og Gavin MacCauly frå Havforskingsinstituttet, Iain Couzin, Simon LeBlanc og Andrew Sokolow  frå Princeton University, USA, Jens Hovem (NTNU/Sintef), Hans Karlsen (UiO) og Alex DeRobertis (NOAA, USA).

 


 

Kontaktpersoner

Nils Olav Handegard
958 54 057