Hopp til hovedteksten
Prisvinnere
PRISVINNARAR: Forskingsdirektør Ole Arve Misund (t.v.) gratulerar  prisvinnarane Bjarte Bogstad, Harald Gjøsæter, Sigurd Tjelmeland og Bente Røttingen. Heilt til høgre: administrerande direktør Tore Nepstad. Jaime Alvarez var også mellom prisvinnarane, men var ikkje til stades under utdelinga.
Foto: Kjartan Mæstad
Utskriftsvennlig versjon

Rådgjevingspris til loddeforskarar

Havforskingsinstituttet (HI) sin rådgjevingspris gjekk til forskarlaget som i meir enn 20 år har kome med tilråding om loddekvotar. Både fiskeriforvaltinga og –næringa oppfattar råda som truverdige.

For første gong blei det delt ut ein rådgjevingspris under Havforskingsdagen. I år var det fem nominerte kandidatar, og forskingsdirektør Ole Arve Misund meinte alle var godt kvalifiserte til å få prisen.

Gruppa som fekk prisen har stort truverde, ikkje berre i forvaltninga og næringa. I meir enn 20 år har den norsk-russiske fiskerikommisjonen tatt råda deira til følgje når loddekvotane i Barentshavet har blitt fastset. Misund viste også til at det blei gjort ei såkalla merkesteinsvurdering av lodda i samband med eit forskarseminar i fjor. Der fekk HI-forskarane støtte for måten dei har vurdert loddebestanden på og korleis dei har innlemma den gjensidige påverkinga mellom rovdyr og bytte i analysane sine.  Spesielt har forskarlaget klarlagt den avgjørande rolla som beitande torsk har for dødelegheita til lodda, og på seminaret i fjor blei det konkludert med at loddeforskarane ved  HI er ”verdsleiande når det gjeld å utvikle ein framgangsmåte som tar omsyn til heile økosystemet i havet.”