”I sin kommunikasjon med samfunnet utafor forskarverda er prisvinnaren forbilledleg. Han snakkar klart og tydeleg og klarer å formidla interessant bodskap utan å bli for enkel. (…) Kandidaten viser ekte engasjement for mangfaldet i naturen og har tydeleg opparbeide seg eit omdømme som ekspert på dette området, både nasjonalt og internasjonalt.”, heitte det mellom anna i juryen si grunngjeving.
Anders Jelmert, som har sitt daglege virke på Forskingsstasjonen Flødevigen, vart skildra med nøkkelorda ekspert, breidde og forenkling. I 2010 trådde Jelmert fram som maneteksperten i den nasjonale pressa; han hadde over 30 medieoppslag då året var omme.
Prisen vart delt ut i samband med Havforskingsinstituttets årlege fagdag. I juryen sat Maren Esmark (Fylkesmannen i Akershus), Anne-Mari Astad (Det norske Vitenskapsakademi) og Øyvind André Haram (FHL).
Årets publikasjon
Av 13 innsende bidrag, gjekk 3 vidare for å konkurrera om tittelen årets publikasjon. Tre interne forskarar gav eit kortfatta foredrag bygt på dei nominerte publikasjonane, som alle har fleire forfattarar; både frå instituttet og andre forskingsinstitusjonar.
Bjarte Bogstad presenterte ein studie på fleirbestandsforvaltning. Artikkelen viser at vågekvalen indirekte påverkar lodde gjennom predasjon på torsk.
Esben Moland Olsen deltok med eit arbeid som drøftar om fiskeria utøvar eit sterkt evolusjonspress på dei hausta bestandane.
Halvor Knutsen viste korleis fysiske barrierar, i dette tilfellet djup og straumforhold, påverkar populasjonsstrukturen hos djuphavsarten brosme.

Esben Moland Olsen (m.fl) har skrive årets publikasjon på Havforskingsinstituttet.
Foto: Kjartan MæstadPrisen gjekk til Esben Moland Olsen og medforfattarane for ein artikkel som ”klart skil seg ut ved å vera den som sterkast ber bod om nye metodar og framtidige faglege nyvinningar”. Andreplassen gjekk til fleirbestandsstudien.
Dag O. Hessen (UiO), Trond Amundsen (NTNU) og Jarl Giske (UiB) sat i juryen.
Årets ukens orientering
Nytt av året var prisen for beste framføring på Ukens orientering. Ukens orientering finn stad kvar onsdag og kvar av dei vel halvtimen lange populærvitskaplege foredraga samla i snitt 40 tilhøyrarar i fjor. Den nyoppretta prisen skal stimulera til at enno fleire kjem på orienteringa, og auka interessa for å delta med foredrag.
Prisen gjekk til Lise Doksæter for hennar innslag om forsvarets sonarar og om dei skremmer silda. Espen Bagøien og Aino Hosia var også nominerte for foredrag om høvesvis partnarsøk hos plankton og monstermaneta Mnemiopsis leidyi.
