Hopp til hovedteksten
Jan_Mayen_Barentshavet.jpg
Jan Mayen i Barentshavet.
Foto: Thomas Wenneck
Utskriftsvennlig versjon

Forvaltningsplanen gir miljørørsla større makt

– Arbeidet med forvaltningsplanen for Barentshavet og Norskehavet har gitt miljørørsla større innflytelse i saker som gjeld oljeutvinning, seier regiondirektør Alf Håkon Hoel ved Havforskingsinstituttet. I ein artikkel i det vitskapelege tidsskriftet "Arctic Review on Law and Poltics" skriv Hoel at det er mogleg å overføre den norske modellen til andre land, men med lokale tilpassingar.

– Arbeidet med forvaltningsplanen har skapt nye arenaer for politisk innverknad. Dette har mellom anna gitt miljørørsla fleire stader kor dei kan påverke arbeidet med å opne nye område for olje- og gassutvinning. Det er nytt i forhold til tidlegare i samband med opning av nye oljefelt, seier Hoel.

Konsekvensanalyse viktig opning

Hoel seier også at ei konsekvensanalyse etter petroleumsloven er ei viktig opning for at kommunane kan få ein formell plass i avgjerdsprosessen når det skal avgjerast om nye oljefelt skal takast i bruk eller ikkje.
– Kommunane er høyringsinstans når ei konsekvensutgreiing skal losast gjennom det politiske systemet. Det er heimla i paragraf 3 – 1 i Petroleumsloven. Dei har ikkje same formelle posisjonen i arbeidet med forvaltningsplanen, sjølv om dei også der kan fremje synet sitt. Dessutan går ei konsekvensanalyse ganske detaljert til verks, medan forvaltningsplanen er eit overordna dokument og meir å rekne som eit politisk verktøy for regjeringa. Difor meiner mange ordførarar at det er viktig for lokaldemokratiet å laga ei konsekvensutgreiing, seier Hoel.

Uvissa vanskeleg å formidle

Hoel seier forskarane som arbeider med forvaltningsplanen har skaffa fram eit svært omfattande materiale og fått eit godt fagleg grunnlag som dei kan gje tilrådingane sine ut frå. Samstundes er det mykje som er uvisst. Det gjer at kunnskapen forskarane har skaffa til vege, ikkje teiknar eit svart/kvitt-bilete av korleis styresmaktene bør handle.
– Det er mange utanom forskingsmiljøa som har sterke meiningar i til dømes oljedebatten, og då er det både vanskeleg og viktig å formidle at forskarane ikkje har svar på alle spørsmåla som stillast, seier Hoel.

Kan overførast - med tilpassingar

I ein artikkel i det vitskapelege tidsskriftet "Arctic Review on Law and Poltics" skriv Hoel at det er mogleg å overføre den norske modellen til andre land, men med lokale tilpassingar.

– Gjennom arbeidet med forvaltningsplanen har Noreg gjort eit godt stykke arbeid med å kartlegge heile økosystem og skaffe seg kunnskap om korleis ulike brukargrupper påverkar kvarandre. Dette er kunnskap som let seg oveføre til andre land som grenser opp til Arktis. Samstundes minner eg  om at dei andre arktiske landa har andre former for politisk og forvaltningsmessig organisering enn Noreg. Difor må framgangsmåten tilpassast dei ulike landa når dei eventuelt skal skaffe seg oversikt over økosystema i havet og moglege interessekonflikter, seier Hoel.

 

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet

Fakta om Norskehavet

Ett av De nordiske hav, som også omfatter Grønlandshavet og Islandshavet
Størrelse: Mer enn 1,1 millioner km2
Dyp: Gjennomsnittlig 1600 m. To dyphavsbasseng med dybder på mellom 3000 og 4000 m
Næringskjede: Enkel, men med  høy produksjon
Viktige fiskerier: Makrell og norsk vårgytende sild

Spesielle forhold:

  • Mottar ca. 8 millioner tonn varmt og salt vann i sekundet fra Atlanterhavet - 8 ganger summen av alle elver i verden. Det innstrømmende vannet avgir varme til atmosfæren - avgjørende for det milde klimaet i Nord-Europa 
  • De store dybdeforskjellene gir en variert bunnfauna som blant annet omfatter store korallrev                
Norskehavet

Kontaktpersoner

Gunnar Sætra
916 11 414