Hopp til hovedteksten
Turistfiske
Foto: Keno Ferter
Utskriftsvennlig versjon

Vil ha obligatorisk fiskekort for sjøfiske

Havforskingsinstituttet foreslår å innføra eit obligatorisk lisenssystem for alt fritidsfiskeri. Slik registrering er heilt naudsynt for få oversikt over det totale ressursuttaket langs norskekysten, meiner instituttet. Registeret er til informasjon, og instituttet tek ikkje til orde for avgifter som kan koma i konflikt med allemannsretten til å fiska i sjø.

Forslaget om obligatorisk registrering av turist- og fritidsfiskarar er eit av fleire innspel i ein høyringsuttale frå instituttet. Uttalen er skriven til ein turistfiskerapport bestilt av Fiskeri og kystdepartementet.

Turistfisket er kartlagt

– Nordmenn er jo vande med denne type registrering frå jakt og ferskvassfiske. Danmark, USA og fleire andre land har alt slike obligatoriske lisenssystem for saltvassfiske, seier forskar Jon Helge Vølstad frå Havforskingsinstituttet. Han understrekar at registeret er til informasjon, og at instituttet ikkje tek til orde for avgifter som kan koma i konflikt med allemannsretten til å fiska i sjø.     

Saman med kollegaene i faggruppa Fiskeridynamikk har Vølstad forska på rekreasjonsfiske, som omfattar fritidsfiske, turistfiske og alt anna fiske som ikkje er yrkesfiske. I 2009 kartla Havforskingsinstituttet delar av turistfisket (bedriftssektoren) og konkluderte med at turistane hentar opp ca. 3 300 tonn fisk frå sjøen årleg.

Manglar tal for fritidsfisket

Men turistfisket utgjer berre ein liten del av rekreasjonsfisket. Førebels finst det ikkje tal på kor mykje fritidsfiskarane, som er ei langt meir samansett og talrik gruppe enn turistfiskarane, fiskar.

– Vi har svært lite statistikkar og dermed blir oversikta dårleg.  Utan ei eller anna form for registrering vil det vera ei nærmast umogeleg oppgåve å kartleggja  kor stort fiskeuttaket heile rekreasjonsfisket står for, seier Vølstad.

  Ei liste over deltakarar med kontaktinformasjon vil gjera forskarane i stand til å velja ut turist- og fritidsfiskarar som kan bidra med naudsynte fangstdata og informasjon om fisket. 

Vølstad legg til at det kan vera ei rasjonell tilnærming å innføra eit lisenssystem der ein skil mellom fiske med garn og line (fastståande reiskap) og stong og snøre. Havforskingsinstituttet er mest interessert i datatilfang frå fiske i båt.     

 

Meir om prosjektet:

Kontaktpersoner

Jon Helge Vølstad
469 29 039