Forskingssamarbeidet er eitt av i alt fem satsingsområde (flaggskip) på Framsenteret – nordområdesenter for klima- og miljøforskning i Tromsø.
Breitt samarbeid
Framsenteret opna for vel eitt år sidan og no er det fleste satsingsområda på veg frå oppstart til driftsfase. Det er Havforskingsinstituttet som leiar havforsuringssamarbeidet saman med Norsk Polarinstitutt. I samarbeidet deltek også NINA, NILU, Nofima, Akvaplan-niva og Niva. Bjerknessenteret er ein viktig partnar.
Kjemi, biologi og samfunnsøkonomi
Framsenteret skal sikra tverrfagleg, dynamisk forsking på problemstillingar som angår nordområda. Ein slik innfallsvinkel er viktig for havforsuringsforskinga som består både av prosesstudiar (oseanografi, karbonkjemi, havisstudiar etc.) og effektstudiar (korleis dei einskilde marine organismane toler eit surare havmiljø og den totale påverknaden på dei marine økosystema).
Studiar av forsuring kombinert med stressfaktorar som temperaturauke og miljøgifter vert også tillagt stor vekt. I tillegg vil havforsuringsforskinga ha eit samfunnsøkonomisk aspekt.
Status for pH og forsking
Richard Bellerby frå Bjerknessenteret og Howard Browman frå Havforskingsinstituttet ga status for havforsuringa og forskinga.
Howard Browman, som var stand in for flaggskipleiar Maria Fossheim, peika på at havforsuringa vil påverka produksjonen i dei marine økosystema. Nordområda er spesielt sårbare fordi kaldt vatn løyser meir karbondioksid enn varmare vatn lenger sør. Men meir forsking må til for å finna svar på korleis påverknaden skjer og kven som blir taparane (og kven som blir vinnarane) i eit surare framstidshav.
