Hopp til hovedteksten
CBD Joint Expert Meeting
Utskriftsvennlig versjon

Om berekraft og biodiversitet

Nærmare 25 fiskeriekspertar frå heile verda er denne veka samla i Bergen. Dei skal gje stauts for verdas fiskeri og drøfta korleis dei kan verta meir berekaftige. Ekspertmøtet er ein lekk i arbeidet med å oppfylla måla i konvensjonen om biodiversitet.

Det vert hausta meir enn fire gonger så mykje frå havet i dag som i 1950. Fangstvolumet (både fiskeri og oppdrett) er kloss i 100 millionar tonn årlig, og då er ikkje fiskeria i Kina, verdas største fiskerinasjon, tatt med. Det er estimert at Kina åleine står for ein produksjon på nesten 50 millionar tonn (15 millionar tonn villfisk og 33 millionar tonn oppdrettsfisk). 

Utfordringar og mogelegheiter

Nokre fiskeartar vert for hardt beskatta, medan andre marine matressursar kan utnyttast langt betre. Overfiske, ulovlig bifangst, habitatsøydeleggingar (korallrev o.a.) er ein trugsel mot det biologiske mangfaldet i havet og langs kysten.

I sin helsingstale la Tore Nepstad, administrerande direktør på Havforskingsinstituttet, spesielt vekt på at det lèt seg gjera både å ta vare på dei marine økosystema og å driva bærekraftige fiskeri.

Brei internasjonal representasjon

Konvensjonen om biodiversitet (CBD) vart vedteke saman med klimakonvensjonen i Rio i 1992, og har som mål å stoppe tapet av biologisk mangfald innan 2020. 

På ekspertmøtet i Bergen deltek representantar frå dei ulike fiskeriregionane i verda og internasjonale interesse- og miljøorganisasjonar.  
     
 

Kontaktpersoner

Hein Rune Skjoldal
905 72 356
Lidvard Grønnevet
906 19 487