Hopp til hovedteksten
Torsk
Foto: P. Eide
Utskriftsvennlig versjon

Verdsrekord i steril oppdrettstorsk

I fjor vart omtrent 140 000 sterile oppdrettstorskar produsert ved Parisvatnet, Havforskingsinstituttet sin feltstasjon i Øygarden. Det er fyrste gong i verda at så mange sterile torskar er produsert på ein gong. No sym dei rundt i eit kommersielt anlegg i Gulen i Sogn og Fjordane, der vekst og andre produksjonsparametre skal målast under oppdrettstilhøve.

- Alt i alt er resultata svært lovande så langt, og vidare prøvetaking fram mot slakting sommaren 2012 vil vise om steril torskeyngel kan bli framtida for torskeoppdrett, fortel Håkon Otterå,  forskar ved Havforskingsinstituttet.

Torskeoppdrettarar har hatt problem med mellom anna røming som kan føre til genetisk påverknad på villfisken dersom den rømte fisken gyt saman med den. I tillegg kan oppdrettstorsk gyte i merden slik at egga kan spreie seg i området rundt anlegget og på sikt føre til genetisk påverknad.

Positive resultat

I løpet av prosjektet skal forskarane samanlikne om det er forskjellar på vekst, dødelegheit, deformitetar og kjønnsmodning mellom steril og vanleg oppdrettstorsk. Resultata frå ei prøvetaking som vart gjort i mai i år, er positive.

- Ved denne prøvetakinga hadde fisken som då var litt over eitt år gamal, ei gjennomsnittleg vekt på 338 gram, den hadde nok vore endå større hadde det ikkje vore for den kalde vinteren. Nesten ingen fiskar med deformitetar vart observert, fortel Otterå.

Steril torsk

For å produsere steril torsk vert nyleg befrukta egg utsett for høgt trykk i omtrent fem minuttar. Det gjer at fisken får eit ekstra sett kromosom slik at den har tre sett kromosom totalt, og den vert såkalla triploid. Vanleg torsk har to sett kromosom og er diploid. Bruk av trykk for å gjere fisk steril er ein velkjend metode, og det er også gjort liknande forsøk på laks.

Fisken som er sett ut i det kommersielle anlegget er ei blanding av steril og vanleg torsk. Dei sterile individa har større celler enn dei vanlege, og ved å måla storleiken på blodcellene kan ein skilje dei frå kvarandre.

- Sjølv om dei diploide individa per i dag ser ut til å veksa litt betre enn dei triploide er det rimeleg å venta at denne forskjellen vert jamna ut når dei byrjar å bli kjønnsmodne, seier Otterå.

Fakta om steril oppdrettsfisk

  • Hindrer at rømt oppdrettsfisk sprer genene sine til villfisk.
  • Laks og torsk kan gjøres steril v.h.a. triploidisering, d.v.s. at fiskeeggene utsettes for trykk som gjør at de beholder en ekstra del av arvematerialet fra morfisken, noe som igjen medfører at den blir steril.
  • Triploid fisk er ikke genmodifisert. Triploider forekommer også naturlig blant laksefisk, men er naturlig nok sjeldne.
Steril oppdrettsfisk

Kontaktpersoner

Håkon Otterå
950 65 762
Beate Hoddevik
908 21 630