Hummartala byggjer på fangstdagbøker som vel 200 fritidsfiskarar har ført dei tre siste åra. Analysane er utførde av forskar Alf Ring Kleiven på Havforskingsinstituttet.
Ulikt langs kysten
Hummaren er utbreitt langs kysten frå svenskegrensa og nord til polarsirkelen (berre sporadisk i Nordland). Hummardagbøkene dekkjer kysten frå Østfold til Møre og Romsdal.
I 2010 hadde Austlandet den høgaste fangstraten (hummar per teine per dag) i landet. Medan fangstraten på Austlandet har dobla seg på to år, søkkte raten på Vestlandet i fjor ned på 2008-nivå. Ratane har i all hovudsak vore stabile i Aust- og Vest- Agder.

Fangstrate (hummar per teine per døger) i 2008, 2009 og 2010 rapportert gjennom standardiserte hummardagbøker sende inn av fritidsfiskarar.
Fleire årsaker
Alf Ring Kleiven seier at det er for tidleg å spekulera på årsakene til skiftet og understrekar at resultata er baserte på relativt enkle analysar og berre viser trendar. Han peiker likevel på nokre mogelege forklaringar:
I 2008 tråtte nye og strengare reguleringar for hummarfisket i kraft. Alle regionane hadde ein oppgang i fangstratane frå 2008 til 2009. Men i 2010 var det berre registrert auke på Austlandet.
– Tiltaka er jo gjennomførde i heile landet, og i så fall er responsen på dei nye reguleringane ulik frå region til region. Truleg er det fleire årsaker til utviklinga. Fangbarheit, fisketrykk og endringar i økosystemet kan forklara skilnadene frå region til region, seier han.
Framleis låg bestand
Bestanden av hummar langs norskekysten er kraftig redusert samanlikna med 1950- og 1960-åra. Det gjenstår å sjå om dei nye forvaltningsreguleringane kan føre til en vidare vekst i bestanden, seier Alf Ring Kleiven.
