Hopp til hovedteksten
Klar for økosystemtokt 2011
Toktkoordinator Lis L. Jørgensen er nøgd med å kunne bruke ”Christina E” som erstatning for ”G. O. Sars”. Det same er toktleiar Jostein Røttingen (t. h.), og reiar og skipper Espen Ervik.
Foto: Gunnar Sætra
Utskriftsvennlig versjon

”Haustjakta” er i gang

I går gjekk ”Christina E” frå Tromsø og starta sin del av økosystemtoktet i Barentshavet. Fiskefartøyet er leigd inn som erstatning for ”G.O. Sars”, som for tida er til reparasjon.

Dermed er ”haustjakta” i gang i Barentshavet. I alt er det fem fartøy som deltek i økosystemtoktet. ”Helmer Hanssen” har allereie gjort ferdig sin del i farvatna vest og nord for Svalbard, medan ”Christina E” og ”Johan Hjort” skal ta for seg den vestlege delen av Barentshavet og farvatna aust for Svalbard. I tillegg skal det russiske forskingsfartøyet ”Vilnjus” dekkje dei austlege delane av Barentshavet.

Toktplan

Dette er snitta som dei ulike fartøya skal dekke under årets økosystemtokt. ”Christina E” skal følgje dei grøne linene.

– Vi skal undersøke både botnen, vassøyla og overflata. I tillegg skal vi ha med ornitologar som skal observere fuglelivet, fortel toktkoordinator Lis L. Jørgensen.

Seinare i haust skal forskarar frå Havforskingsinstituttet møte kollegaer ved Pinro (havforskingsinstituttet i Murmansk) for å samordne funna som dei ulike fartøya gjer i løpet av økosystemtoktet.
 

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet

Kontaktpersoner

Jostein Røttingen
452 51 951