Hopp til hovedteksten
Michael_og_Iljas.jpg
TIL AUSTISEN: Havforskarane Michael Poltermann (t.v.) og Iljas Sjafikov skal vere med selfangstskuta "Polynya Viking" til Austisen. (Foto: Gunnar Sætra)
Utskriftsvennlig versjon

Til Austisen for å forske på sel

I dag drog havforskarane Michel Poltermann og Iljas Sjafikov til Austisen for å forske på den lokale bestanden av grønlandssel. Forskarane er med selfangstskuta ”Polynya Viking” frå Tromsø.

Poltermann er tilsett ved Havforskninga i Tromsø, medan Sjafikov til dagleg arbeider ved havforskingsinstituttet i Murmansk (Pinro). 

Spekkmålingar

Dei to forskarane skal mellom anna måle spekket på selen for å finne ut kor tjukt det er.
– På den måten finn vi ut om selen er i god form eller ikkje, seier Poltermann. Forskarane skal også vege selane og måle lengda på dei.

Nedgang

Dei siste åra har det blitt mindre sel i Kvitsjøen og områda rundt utan at forskarane har klart å finne opplagte grunnar til det.

– På denne turen skal vi også sjekke kjønnsorgana til hôselane for å finne ut om dei har kasta (født ungar) i år og i fjor. I tillegg skal vi fastsetje alderssamansetninga blant dei dyra som blir fanga, seier Poltermann.

Til 15. mai

I utgangspunktet skal ”Polynya Viking” drive selfangst i Austisen til midten av mai, men turen kan bli kortare dersom vêret blir godt og dyra lett tilgjengeleg for fangst.

– Eg ser fram til dette, seier Iljas Sjafikov. – Og eg har god tid. Eg har ikkje returbillett til Murmansk før 20. mai, fortel han.

Fakta om grønlandssel

Latinsk navn: Pagophilus groenlandicus
Andre norske navn: Sel og russekobbe, dessuten ulike navn på aldersstadier: kvitunge (diende), svartunge (avvent årsunge), brunsel (umoden ungsel), gammelhund (moden sel)
Familie: Ekte seler (Phocidae)
Maks størrelse: Om lag 200 kg og 1,9 meter
Levetid: Kan bli over 30 år
Leveområde: Nord-Atlanteren
Kastetidspunkt: Mars
Føde: Fisk og krepsdyr

Grønlandssel