Hopp til hovedteksten
Forskningsfangst frå Norskehavet
Utskriftsvennlig versjon

Spent på silda

På økosystemtoktet i mai måler eit internasjonalt lag av forskarar kor mykje sild det er i Norskehavet. Sildekvotane har minka dei siste åra, og toktet kan gje ein peikepinn på om nedgangen vil halda fram eller om det lysnar for sildefisket.

Bestandsestimatet frå økosystemtoktet i mai er berre éin av faktorane som vert lagde til grunn for den endelege sildekvota, presiserer Erling Kåre Stenevik, som er bestandsansvarleg for norsk vårgytande sild (NVG-sild) på Havforskingsinstituttet. Han er også toktkoordinator for det vel ein månad lange økosystemtoktet i Norskehavet som byrjar i desse dagar.

Fangstane svingar, kvotane fell

– Men vi får skapt oss eit inntrykk av kva veg det ber når vi analyserer resultata etter toktet no i mai. I fjor fekk vi eit låg estimat på same toktet, og 2011-kvoten vart då også redusert med nesten 500 000 tonn i høve til året før, seier Erling Kåre Stenevik.

I toppåret 2009 landa norske fiskarar nett over 1 million tonn NVG-sild – i fjor enda fangsten på vel 895 000 tonn.  

Kvotedata frå fleire hald

Det er ein serie med data som dannar kvotegrunnlaget for NVG-silda: Målingar frå sildelarvetoktet i april, det akustiske bestandsestimatet frå mai-toktet, fangstprøvar frå sildefisket (vekt, aldersfordeling og kondisjon) og mengda av sildeyngel og ungfisk som forskarane finn under økosystemtoktet i Barentshavet om hausten.

Internasjonal kartlegging

Frå Havforskingsinstituttet deltek ”G.O. Sars” på økosystemtoktet, der også forskingsskip frå dei andre sildenasjonane Island, Færøyane, EU og Russland deltek. Under toktet deler dei det over 1,1 millionar km2 store Norskehavet mellom seg. Det betyr at gode eller dårlige målingar på den einskilde båten ikkje nødvendigvis representerer den generelle stoda i havområdet. Silda kan til dømes stå i det området som Færøyane sin båt dekkjer, medan ”G.O. Sars” knapt finn ei sild.  

Kva skjer med planktonet?

Det knyter seg også stor spenning til planktonmålingane som finn stad under økosystemtoktet. Tidlegare målingar viser at det har vore ein tydeleg reduksjon av planktonmengda i Norskehavet. Forskarane diskutere om dei store pelagiske bestandane i Norskehavet etter kvart har beita ned ein så stor del av raudåtebestanden (raudåte er det viktigaste dyreplanktonet i dette havområdet og i Barentshavet) at det ikkje er nok mat til silda.  
 

Fakta om NVG-sild

Latinsk navn: Clupea harengus L.
Familie: Clupeidae
Maks størrelse: 40 cm og 500 g
Maks levetid: 25 år
Leveområde: Nordøst-Atlanteren
Hovedgyteområde: Møre og Nordland
Gytetidspunkt: Februar–mars
Føde: Plankton
Spesielle kjennetegn: Lever i tette stimer som beveger seg som en enhet

Norsk vårgytende sild

Les toktdagboka her:

Les meir:

I Havforskningsrapporten 2011 kan du lese meir om plankton i Norskehavet i artikkelserien:

Kontaktpersoner