God gyting
”Johan Hjort” gjennomfører no siste del av årets skreitokt, og for tida går prøvetakinga føre seg inne i Vestfjorden.
– Alt tyder på at det er god gyting, og vi har enkeltprøver med enormt mykje egg. Mellom anna tok vi ein prøve like ved Moskenesstraumen kor vi hadde omtrent 6.000 egg per kvadratmeter i vatnet, fortel Johannessen.
Langt inne

SJEKKER: Overingeniør Magnus E. Johannessen plukkar ut egg frå prøvene som blir teken i under skreitoktet.
Foto: Gunnar Sætra– Egga var nyleg befrukta, noko som tyder på at fisken må ha gytt i området. Når egga er på eit så tidleg utviklingsstadium, er det usannsynleg at dei har komme drivande med straumen, seier Johannessen. Det er fleire år sidan det sist blei observert gyting ved Tennholmen fyr, sjølv om det dreier seg om et tradisjonelt gyteområde.
