Hopp til hovedteksten
Teine for tempererte havområde
Den samanleggbare teina er inspirert av lokale teinetradisjonar frå Mauritius.
Utskriftsvennlig versjon

Laga Mauritius-teine

Norske forskarar har utvikla ei teine som kan koma til å bety mykje for fiskarane på Mauritius. Teina er miljø- og bruksvenleg, og passar godt i dei tempererte, fiskerike farvatna rundt øyriket, og elles i tropiske havområde.

Mauritius forvaltar eit enormt havområde, og fiskeri er blant dei viktigaste næringane på øya. Fiskeførekomstane rett utanfor land er fiska ned, og mauritiarane er på jakt etter nye fiskeressursar og fangstmetodar. Her kjem norsk kompetanse inn. Fiskerifaglig senter for utviklingssamarbeid (CDCF) ved Havforskingsinstituttet er i gang med eit treårig prosjekt inn mot fiskerisektoren i Mauritius. Kartlegging av fiskeressursane og utvikling av miljøvenlege, effektive og ikkje altfor kostbare fiskemetodar er blant dei konkrete arbeidsoppgåvene som vert løyste i prosjektet.

Problematisk med line og trål

Linefiske og fiske med handsnøre er de mest utbreidde fangstmetodane på Mauritius. Fisket skjer på dei store bankane ein til to dagars reise frå fastlandet, fortel Jens-Otto Krakstad, som arbeider ved CDCF og er prosjektleiar for det norsk-mauritiske samarbeidet. Men linefiskeriet er problematisk; rovfisk beitar på fangsten og det er mykje uønskt fisk, blant anna hai og andre sårbare artar, som følgjer med når linene vert trekte om bord.
Tråling er heller ikkje optimalt. Sjøgrassletter og korallrev blir øydelagde av tråling, og trålereiskapen på si side blir skada i dette terrenget.

Mange fordelar med teine

Jens-Otto Krakstad og Asbjørn Aasen frå faggruppe fangst har laga ei teine som byggjer på lokal, mauritisk design. Krakstad forklarar kvifor teinefiske er så gunstig i dei temperererte, mauritiske farvatna.

– Kvaliteten på teinefangsten er høg; fiskarane tek opp levande fisk, som får god pris på marknader og restaurantar. Teinene passar på alle djup og kan stå ute relativt lenge utan at det er problem med bifangst eller skade på fangsten. Teinene er i tillegg utstyrt med stålnett som gjør at predatorar som hai ikkje øydeleg teina eller skader fangsten. Maskestorleiken kan regulerast. Slik kan minstestorleiken på fisken justerast etter fiskaren sitt ønske eller forvaltaren sine reguleringar. Dessutan er teinefiskeri rimelegare og mindre arbeidskrevjande enn det tradisjonelle linefiskeriet.

Unngår spøkelsesfiske

Ein annan fordel med den nye teina er at ho ikkje held fram med å fiska (spøkelsesfiske) om ho skulle gå tapt. Det er eit stort problem, også i Noreg, at garn og liner som vert mista i havet fortset å fiska.
Den nye teina har eit panel som, etter at teina har stått ein kort periode på botnen, fell ut slik at fisken kan symja ut i havet igjen. Etter kvart gror teina til og fungerer som eit kunstig rev for fisk og andre marine organismar på botnen. Sidan teina er laga av jern (stålnetting) vil ho til slutt forsvinna heilt. 

Samanslått teine

Når teina er slått saman tek ho liten plass. Dermed kan fiskarane ta med seg flerie teiner og få større fangst når dei er på havet.     

Aukar lønsemda

Teina fyller også kriteriet om auka lønsemd. Den kan enkelt slåast saman, og tek dermed mindre plass på dekk slik at fiskarane får med seg fleire teiner til havs. Kvar teine kan fanga opptil 40 kilo fisk på eit døger.   
Fiskarane lokalt ønskjer å ta teina i bruk, men førebels er det berre laga nokre få eksemplar. Krakstad fortel at dei på sikt ser for seg å produsera teina i eit lågkostland slik at innkjøpsprisen blir så låg som råd for fiskarane. Dei håper teina kan setjast i produksjon i løpet av 2011.   

Kan brukast av andre

Krakstad trur erfaringane med denne typen teinefiske kan takast vidare til andre tropiske land som også har utfordringar i form av spøkelsesfiske, bifangst og ineffektive fiskeri.
Teina er testa ut i heimlige farvatn med godt resultat, og Krakstad ser for seg at teina kan vidareutviklast og koma i ein mindre versjon til fritidsfiskarar og småskala fiskarar.

Åsen og Krakstad skal delta med teina i den internasjonale konkurransen ”Smart Fishing Gear 2011” i regi av WWF.


 

Les mer

CDCF

Kontaktpersoner

Jens-Otto Krakstad
996 27 060