Hopp til hovedteksten
Oppdrettsanlegg
Utskriftsvennlig versjon

Frysing av biomasse er ikkje nok

Havforskingsinstituttet ber om ei streng tolking ved innføring  av frysing av tillatt biomasse i oppdrettsanlegg i Hardanger. I tillegg må det kome andre meir målretta tiltak for å få ned smittepresset av lakselus, andel rømt oppdrettsfisk i elvane og moglegheit for genetisk påverknad på dei ville laksestammane.

Ut frå kunnskap om mengda av lakselus og rømt oppdrettslaks, samt om utskiftinga av vassmassar i Hardangerfjordbassenget, meiner instituttet at det er lite truleg at frysing av situasjonen på dagens nivå vil oppfylle formålet med forskrifta om ”Særskilt tiltak for akvakulturrelatert virksomhet i Hardangerfjorden”. Dette skriv Havforskingsinstituttet i eit høyringsbrev til Fiskeri- og kystdepartementet.

Havforskingsinstituttet foreslår utprøving av fleire ulike løysingar som kan redusere den genetiske påverknaden på vill laks og smittespreiing av mellom anna lakselus:

  • Bruk av stor settefisk som vil korte ned produksjonstida i open merd og dermed gjere det lettare med effektiv brakklegging i større område.
  • Bruk av lukka oppdrettsteknologi som vil fjerne smittepresset frå lakselus i delar av produksjonsfasen i sjø.
  • Å vurdere bruk av steril triploid laks på einskilde lokalitar i området.

Bæreevne

Bæreevnen for en oppdrettslokalitet eller et område defineres som den mengden oppdrettsorganismer vi maksimalt kan produsere uten at miljøvirkningene overskrider omforente tålegrenser. Disse grensene for tillatte påvirkninger skal være målbare og de kan ikke overskrides dersom oppdrettsnæringen skal være bærekraftig.

Bæreevne

Les meir

Høyringsbrevet

Om triploid steril laks:

Kontaktpersoner

Geir Lasse Taranger
901 11 596
Beate Hoddevik
908 21 630