Havforskingsrapporten 2011 kjem ut i desse dagar. I årets rapport er ei rekkje forskarar utfordra på om det er nok mat i havet til dei rekordstore mengdene med kolmule, sild og makrell (Norskehavet) og nordaustarktisk torsk og lodde (Barentshavet).
– Førebels har vi ikkje sterke indikasjonar på at fisken i Norskehavet lir noka naud, det er framleis nok mat. Men det kan vera verdt å merka seg at silda sitt fettinnhald er blitt lågare dei siste åra. Det kan vera eit teikn på at det går mot magrare tider, fortel Ingolf Røttingen, som har koordinert arbeidet med artikkelserien.
Populært plankton
Tek ein utgangspunkt i tilbod og etterspurnad verkar det tilsynelatande enkelt å forstå dynamikken i Norskehavet: Store mengder fisk gjer kraftig innhogg i matfatet.
I Norskehavet meir enn dobla mengda av sild, makrell og kolmule seg frå midt på 1980-talet til 2006.
– Vi har tal som viser at desse tre artane åt 35 millionar tonn raudåte i 1997. Det er nesten like mykje som dei åt til saman av andre artar, fortel Ingolf Røttingen.
Inga eintydig forklaring
Beitinga frå sild, makrell og kolmule har gått hardt utover raudåteførekomsten i Norskehavet, som har minka spesielt kraftig dei to siste åra. Men forskarane er ikkje villige til å leggja all skuld på store mengder svolten fisk. Også klimavariasjonar verkar inn på mattilbodet i Norskehavet.
– Klimaet bestemmer når planteplanktonet byrjar å veksa, som har alt å seia for når raudåta tek til å eta og silda byrjar å leggja på seg, forklarar Ingolf Røttingen.
Inga ny forvalting på gang
Forskarane er samde om at ein bør halda fram med dagens forvalting av fiskebestandane i Barentshavet og Norskehavet.
– Det er ikkje noko i dagens kunnskap om forholdet mellom bestandsstorleik og tilgjengeleg mat i Barentshavet og Norskehavet som tilseier at vi skal endra rådgjevinga for dei største fiskebestandane, seier Ingolf Røttingen.
Les meir om samanhengane mellom dei største fiskebestandane og raudåta og mattilbodet elles i Norskehavet og Barentshavet i årets rapport.
