Hopp til hovedteksten
Berggylte
Foto: Yuichi Fukunishi/Havforskningsinstituttet
Utskriftsvennlig versjon

Vellykka oppdrett av leppefisk

Etter fleire års arbeid har forskarar ved Havforskingsinstituttet funne ein metode for oppdrett av berggylte. Berggylta blir beiteklar i løpet av eit år etter klekking, og i dei beste gruppene har det vore svært god overleving frå egg til yngel. No er oppdretta leppefisk satt ut i ein laksemerd der den skal gjere nytte som luse-etar.

Av Beate Hoddevik Sunnset

Berggylta kan setjast ut i merd saman med smolten slik at artane veks seg større saman. Dersom ein får til oppdrett av leppefisk i stor skala, blir det eit viktig bidrag i kampen mot lakselus, samstundes som ein kan redusere fisket på ville bestandar av leppefisk.

– Fram til no har all leppefisk som er brukt i laksemerdar blitt fanga langs kysten, utan at ein har oversikt over korleis bestandar er inndelte geografisk og kva dei toler. Interessa for å bruke leppefisk har auka raskare enn utfordringane med lakselus. Nye tal viser at det sannsynlegvis er fanga 16 millionar leppefisk til no i år, og det er usikkert korleis dette påverkar bestandane, seier forskar Anne Berit Skiftesvik.

Plukka fleire hundre lakselus

Nyleg er oppdretta berggylte frå Havforskingsinstituttet sett ut i ein laksemerd hos Villa Miljølaks på Vestnes i Møre og Romsdal. Dei har ein FoU-konsesjon, og har vore med på å utvikle produksjonsmetoden.

– I feltforsøk har vi oppnådd like gode resultat med bruk av leppefisk, som med gjentekne behandlingar med kjemikaliar eller medisinar. På det meste er det funne 70 lus i magen i gjennomsnitt hos berggylte i våre oppdrettsnøter. Dei mest effektive berggyltene har hatt fleire hundre lus i magen, fortel Per Gunnar Kvenseth hos Villa Miljølaks.

Brukt på rett måte, kan leppefisk hjelpe oppdrettarane med å halde lakselusa under kontroll i heile produksjonsprosessen. Dermed minkar behovet for kjemikaliar og medisinar mot lakselus, og ein unngår til dømes problem med at lakselusa vert resistent mot stoffa som vert brukte til avlusing.

Berggylte
Foto: Howard Browman

Klekt på Austevoll

Oppdrettsberggyltene som no er satt ut i merd, blei klekt på Havforskingsinstituttet sin forskingsstasjon på Austevoll i 2008. No har dei blitt 13–15 cm, og er dyktige luseetarar. I 2009 blei det gjort testar i kar på land for å undersøke om dei oppdretta berggyltene ville ete lus på linje med ville fiskar. Det tok berre eit par dagar før lusebeitinga var i full gang og talet på lus gjekk nedover. Det er berggylte frå same generasjon som no blir testa ut i merden.

Snart eigenprodusert stamfisk

Det er  produsert fleire årsklasser av leppefisk ved Forskingsstasjonen Austevoll.

–  Allereie komande gytesesong forventar vi å få egg av eigenprodusert stamfisk, fortel Anne Berit Skiftesvik.
Prosjektet har vore støtta av Noregs forskingsråd og Fiskeri- og Havbruksnæringens forskningsfond.

Fakta om leppefisk

Latinsk navn: Labrus bergylta (berggylt), Ctenolabrus rupestris (bergnebb), Labrus mixtus (blåstål og rødnebb), Centrolabrus exoletus (grasgylt), symphodus melops (grøngylt)
Familie: Labridae (piggfinnefiskfamilien)
Leveområde: Varmekjære fisker som er mest tallrike på Skagerrakkysten og på Vestlandet, men noen går nordover til Lofoten. Leppefiskene er knyttet til kysten og finnes gjerne i tang og tareskog, der noen av artene bygger reir der eggene blir lagt.
Føde: Rovfisk som helst lever av bunnlevende virvelløse dyr. Mange, bl.a. bergnebb, grønngylt og berggylt er kjent som pusserfisk, dvs. de renser andre fisk for ektoparasitter. De blir derfor utnyttet i lakseoppdrett for å bekjempe lakselus.
Særtrekk: Mange arter skifter kjønn, av og til også utseende. De er først hunner, blir hanner når de er gamle (f.eks. rødnebb og blåstål).

Leppefisk

Kontaktpersoner

Beate Hoddevik
908 21 630