Av Marie Hauge
– Dette viser at utnytting av ressursane i havet er fullt mogeleg dersom det vert gjort fornuftig. Målretta forvaltning nyttar, seier Kjell Nedreaas. Han er forskar på Havforskingsinstituttet og medlem i ekspertgruppa som har stått for raudlistevurderinga av marin fisk.
Ute av raudlista
Fem kommersielle artar er ute av raudlista: Brisling, øyepål, lange, havsil og kveite. Kjell Nedreaas forklarar at det skuldast betre forvaltning og at ein har skaffa til veges meir presis kunnskap om desse artane. Mellom anna finst det no gode oppdaterte tidsseriar for lange, som viser ei positiv bestandsutvikling sidan 2001.
– Vi handterer risikoen betre når vi har godt datagrunnlag for arten. Derfor er det så viktig at vi har overvåkingsprogram som kan følgja utviklinga for fisk som er eller har vore i risikosona. Vi kan ikkje basere vurderingane på tilfeldig og mangelfull kunnskap , seier Kjell Nedreaas.
I tillegg til dei fem nemnde artane er også 10 ikkje-kommersielle artar ute av lista.
Frå bestandsnivå til artsnivå
Den første raudlistevurderinga av marin fisk kom i 2006. I årets liste har ein gått vekk frå å raudliste enkelte bestandar, men vurderer arten under eitt i norske farvatn, inkludert Svalbard og Jan Mayen.
Kysttorsk nord for 62 grader var til dømes kategorisert som sterkt trua i 2006. Kysttorsken er ikkje med i den reviderte versjonen av di torsk som art ikkje er trua.
Kritisk for ål og pigghå
17 marine fiskar står på årets raudliste, inkludert ål og arktisk niøye som lever store deler av livet i ferskvatn. Ål, pigghå og storskate er dei tre artane på lista som er kritisk trua (CR). CR er den mest alvorlege kategorien som er i bruk på den norske raudlista for marin fisk.
For ålen antydar forskarane ein reduksjon i bestandsstorleiken på minst 50 prosent det siste tiåret. Yngelmengdene tyder på at nedgangen vil halda fram.
Internasjonale fangstatistikkar for pigghå har vist ein markant nedgang dei siste 50 åra. I Noreg gjekk fangstane ned med 83 prosent i frå 1980 til 2005. Det internasjonale rådet for havforskning (ICES) meiner fangstatistikken speglar bestandssituasjonen, og opprettheld kategorien CR for denne arten.
Godt eksempel og mindre godt eksempel
Åle-fisket og fiske etter pigghå føregår i heile Nord-Atlanteren. I Noreg er det strenge reguleringar på dette fisket, og her meiner Nedreaas at Noreg går føre med eit godt eksempel. Han er ikkje like imponert over norsk forvaltinga av vanleg uer, som raudlista klassifiserer som sterk truga.
– I Noreg føregår det fritt fiske på vanleg uer sju månader i året. Betre forvalting er naudsynt skal vi lukkast med å tryggja denne arten og få tilbake ei normal rekruttering, seier Kjell Nedreaas.
