Hopp til hovedteksten
juvenil_imr.jpg
Hummarhybrid på 1,5 cm. Han liknar ein minihummar, og har søkt mot botnen der han lever resten av livet.
Foto: Eva Farestveit
Utskriftsvennlig versjon

Sensasjonell hybrid i hummarverda

Sidan amerikansk hummar først dukka opp i norske farvatn har forskarane lurt på om han ville kryssa seg med vår heimlege hummarart: den europeiske hummaren. No vandrar svaret rundt i tankar på Havforskingsinstituttet – ein haug med hybridar med amerikansk mor og europeisk far. 
 

Av Marie Hauge

Kunstig befruktning mellom dei to artane er utført tidlegare, men det er, i følgje forskar Ann-Lisbet Agnalt på Havforskingsinstituttet, særs små sjansar for at ein amerikansk hohummar og ein lokal europeisk hannhummar skal para seg ute i det fri. Først og fremst fordi det er funne få amerikanske humrar i norske farvatn. I tillegg er det ein del biologiske forhold som gjer det meir sannsynleg at ei kryssing vil skje mellom ei europeiske ho og ein amerikansk hann.  

Eggstorleik vekte mistanke

Lite sannsynleg, men ikkje umogeleg altså. Bevisa er ein 140 medlemer stor syskenflokk med halvannan til to centimeter store hummarungar som ser ut til å veksa og trivast; lukkeleg uvitande om at dei er såkalla hybridar.

Mora er ein av tre levande humrar som kom til analyse på Havforskingsinstituttet hausten 2009. Det var mistanke om at dei tre humrane leid av ein skalsjukdom. DNA-testar viste at alle tre var av den introduserte arten amerikansk hummar. Hoa bar egg, og storleiken på egga vekte interesse hos Ann-Lisbeth Agnalt.

– Amerikansk hummar har relativt små egg, medan desse egga var ganske store. Det kunne indikera at faren ikkje var amerikansk, fortel ho.

Egga vart DNA-testa på instituttet i Bergen. Resultata viste at det måtte vera ein europeisk hummar med i biletet. Ein uavhengige test gjort på Queens University of Belfast viste det same.

Viktig å vera føre var

Amerikansk og europeisk hummar har relativt lik utsjånad, og berre DNA-testing kan gje 100 prosent sikkert svar på kva art det er snakk om.  

Mogeleg kryssing mellom dei to artane har vore ei sentral problemstilling sidan dei første amerikanske hummaren vart funnen i våre farvatn på slutten av 1990-tallet. Amerikansk hummar vert importert til og selt i Noreg, og det er også gjort nokre spede forsøk med oppdrett. Dei frittgåande eksemplara som vert fanga og sende til testing har truleg rømt frå oppbevaringsteiner, er dumpa av di ein har trudd dei var daude/døyande eller dei kan vera sett ut med vilje. 

Fram til i dag er det identifisert 22 amerikanske humrar i Noreg. Eit tal som i utgangspunktet ikkje har uroa forskarane så mykje, fortel Ann-Lisbet Agnalt. 

– Vi har såleis rekna sjansane for at det skulle skje ei kryssing som låge. At vi skulle få akkurat denne rognhummaren inn til Havforskingsinstituttet er berre eit slumpetreff. Det viser kor viktig det er å ha eit  føre var-perspektiv i høve til forvaltinga av introduserte artar.

Konkurranse mellom artar

Introduserte artar kan få negative og til dels katastrofale effektar på dei lokale økosystema. Amerikansk hummar kan vera smitteberar av sjukdomen “Gaffkemi”, som er dødeleg for europeisk hummar. Skalsjukdom er eit anna faremoment den amerikanske hummaren fører med seg. Norske hummarbestandar har lege på eit historisk lågmål i fleire tiår, og dei små, sårbare bestandane er truleg meir utsette i konkurranse med ein introdusert art.

Tett oppfølging

Hummarhybridane som med stor omsorg er klekte fram i laboratorium på Havforskingsinstituttet, har mest til felles med farsslekta, fortel Ann-Lisbeth Agnalt. Dei er no metamorfoserte (forvandla) frå frittsymjande larver til minihumrar, og lever heretter på botnen. 

Hummarungane vert følgt tett, og veks opp under så gode levekår som råd er. Håpet er at eit representativt utval skal overleva fram til kjønnsmoden alder, som truleg ligg tre til fire år fram i tid. Forskarane er spente på om dei amerikansk-europeiske humrane er sterile, slik tilfellet ofte er for hybridar.

Hummaren, som kan bli så gamal som 60 år, er normalt kjønnsmoden når han nærmar seg 25 centimeter, men dei lokale skilnadene kan vera store.

Kontrollert prøvefiske

Det er no sett i gang eit kontrollert prøvefiske etter hummar i Larvik-området. Lokale fiskarar vil stå for fangsten. Dei innkomne eksemplara skal undersøkjast for skalsjuke og DNA-testas. Det vert også leita etter frittlevande hybridar og hummar som ber på ”blandingsrogn”. 

Hummar som vert identifiserte som amerikansk, hybrid eller som er smitta av sjukdom vert fjerna frå området. Dei andre vert merka og sett ut igjen der dei høyrer heime.

Fakta om europeisk hummer

Latinsk navn: Homarus gammarus
Familie: Nephropidae
Utbredelses-, gyte- og beiteområde: På stein- og grusbunn, helst hvor de kan lage huler med flere innganger. Vanligst fra 5−40 meters dyp. Langs kysten fra svenskegrensen til Trøndelag, og sporadisk i Nordland, for eksempel Tysfjord.
Alder ved kjønnsmodning: 5−13 år.
Størrelse ved kjønnsmodning: 76−85 mm ryggskjold (22 til 25 cm totallengde). Minst ved Hvaler, gradvis større mot vest og nord.
Maksimal alder: Hanner 40 år, hunner 70 år (britisk studie).
Maksimal størrelse: Største eksemplar fanget veide 9,3 kg (1931, Wales). Fanges sjelden over 140 mm ryggskjoldlengde (38 cm totallengde).

Europeisk hummer

Fakta om amerikansk hummer

Latinsk navn: Homarus americanus
Familie: Nephropidae
Naturlig utbredelse: Fra strandsonen til 700 meters dyp, langs den amerikanske og canadiske østkysten fra North Carolina i sør til New Foundland i nord.
Utbredelse i Norge: Sporadiske funn langs kysten                                                                                                                                                                                                                                                                                                                         Særtrekk: DNA-identifisering er den eneste sikre metoden til å skille amerikansk hummer fra europeisk hummer med avvikende trekk                                                                                                                                                                      

Amerikansk hummer

Kontaktpersoner

Ann-Lisbeth Agnalt
488 67 521
Marie Hauge
975 68 384