Hopp til hovedteksten
Salma_imr.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Nybygd oppdrettsbåt til Matre

I april 2010 la nybygde ”Salma” til kai ved Forskingsstasjonen Matre. ”Salma” er ein oppdrettsbåt som hovudsakleg skal brukast under arbeid på sjøanlegget i Matre. Båten kan òg nyttast til anna feltarbeid.

”Salma” - namnet er satt saman av SALmon og MAtre - har gjort arbeidsdagen både enklare og tryggare for dei som arbeider ved stasjonen i Matre. Dei tunge løfta er færre,  og beredskap er betra i tilfelle rømming eller anleggshavari. Slik bidreg båten også til å betre HMS-arbeidet på stasjonen.

Fisken som går i sjøanlegget ved Forskingsstasjonen Matre er med i forsøk, og det er ofte nødvendig å transportere den eller å registrere vekt og lengde. Tidlegare har desse oppgåvene vore omstendelege, men med ”Salma” kan dei no utførast både raskare og enklare. På vinterstid kan ”Salma” bryte opp is dersom denne utgjer ein trussel for anlegget. Den nye båten lettar også ordinært  oppdrettsarbeid som nótskift og kontroll av fortøyingar.

Tilpassa forskingsarbeid

I tillegg til å vere ein fullgod oppdrettsbåt, er ”Salma” også tilpassa oppgåvene på eit forskingsanlegg. Til dømes har den ein eigen oppsamlingstank for blod under uttak av fisk, vinsj for håvtrekking og prøvetakingsrom. Båten kan òg nyttast til enkle feltoppdrag utanfor Masfjorden.

Tidlegare har forskingsstasjonen nytta andre av Havforskingsinstituttet sine båtar. Det har berre vore mogeleg når reieriavdelinga har hatt ledig kapasitet. Eit båtsamarbeid med andre oppdrettarar i området har vore vurdert, men avstandane er for store, samstundes som det er uheldig med tanke på eventuell smittespreiing. Det har vore undersøkt om ein brukt båt kunne vere eit alternativ, men dei aktuelle båtane oppfylte ikkje krava til kva arbeid dei skulle kunne utføre eller dei var i dårleg stand.

Båten er bygd ved Hemnes Mekaniske Verkstad i Nordland. Kontrakten hadde ein verdi på fem millionar kroner då den vart underskriven i juli i fjor.

Tekniske spesifikasjonar:

• 14,9 meter lang
• 6,3 meter brei
• 2 stykk Sabb Iveko 450 HK motor med vassjett
• Sidepropell
• 1 stykk 3 tonns nokk
• 1 stykk 1 tonns nokk
• Kran med 1460 kg på 12,7 meter (23 T/m)
• Blodoppsamling frå dekk (1000 l / 8 timer)
• Hydraulisk vinsj
• Høgtrykksspylar
• Kompressor
• Radar, kartplottar, GPS, ekkolodd, autopilot, VHF og  AIS
• Sitjeplass til 4 + førar
• Minikjøken, toalett og arbeidsbenk
• Landstraum, 220 V, 24 V, 12 V anlegg
• Redningsflåte og nødpeilesendar 
 

Kontaktpersoner

Øivind Torslett
971 74 397