Hopp til hovedteksten
tobistokt_i_nordsjoen.jpg
Tobistokt i Nordsjøen. Tobis er eit samleomgrep for fleire artar innan silfamilien. Havsil er den viktigaste kommersielle silarten i Nordsjøen.    
Utskriftsvennlig versjon

Felles norsk-nederlandsk nordsjøplattform

– Nederland og Noreg har eit felles ansvar for å forvalta dei marine ressursane i Nordsjøen. Derfor er det viktig at vi har ei sams forståing av korleis vi haustar havområdet berekraftig, seier kommunikasjonsdirektør Kari Østervold Toft på Havforskingsinstituttet.

Av Marie Hauge

I samband med statsbesøket frå Nederland 3. juni vert det skipa ein rundebordskonferanse om bord på kystvaktskipet ”Bergen”, der den nederlandske dronninga og det norske kongeparet deltek. Parallelt vert det arrangert ein næringskonferanse på Havforskingsinstituttet. Tema for begge konferansane berekraft i fiskeri og akvakultur. Havforskingsinstituttet og IMARES, det nederlandske havforskingsinstituttet, står som vertskap for konferansen på land. 

– Målet er å  styrka forståinga av korleis vi oppnår ei berekraftig ressursutnytting i Nordsjøen. Økosystembasert tilnærming til fiskeri og utvikling av miljøvenleg fangstteknologi er sentrale område der Noreg og Nederland kan dra vekslar på kvarandre, seier Kari Østervold Toft. 

Stor skipstrafikk, eit omfattande fiskeri og utvinning av olje, gass og andre ressursar gjer Nordsjøen til det av våre havområde som er mest påverka av menneskeleg aktivitet. Nordsjøsild, sei og hyse vert hausta berekraftig, medan torske- og tobisbestanden er i dårleg forfatning . 

– Å forvalta eit område med så høg utnyttingsgrad er utfordrande. Det er heilt avgjerande at dei involverte nasjonane samarbeider breitt innanfor forvaltning, forsking og innovasjon, seier Kari Østervold Toft.