Hopp til hovedteksten
Turistfiske
Foto: Øystein Paulsen
Utskriftsvennlig versjon

Fisketuristane fangar mindre enn antatt

Fisketuristane i Noreg hentar opp ca. 3 300 tonn fisk frå sjøen årleg. Det viser anslag på fiskeuttaket i den profesjonelle sjøfisketurismenæringa gjorde av Havforskingsinstituttet.

Av Marie Hauge

Jon Helge Vølstad og kollegaene hans på Havforskingsinstituttet har rekna seg fram til kor mykje fisketuristane fiskar totalt og kor mykje dei dreg i land  av dei enkelte artane i nord og sør. Resultata byggjer på avansert statistisk metode, praktisk, oppsøkjande feltarbeid og eigenrapportering frå fisketuristane på eit utval fisketurismebedrifter.

Debatt på fagleg grunnlag

– Vi har mangla vitskapleg akseptable tal for fisketurismen, og dermed har debatten rundt dei kystnære ressursane i høg grad vore prega av synsing. No kan vi byrja å diskutera problemstillingane på eit fagleg grunnlag, seier Jon Helge Vølstad, som har leia det treårige kartleggingsprosjektet.

Fritidsfiske omfattar alt som ikkje er kommersielt fiske, men Vølstad presiserer at kartlegginga i denne omgangen har vore avgrensa til den såkalla næringsretta delen av fisketurismen i Noreg. Det vil seia fisketuristar som bur på reiselivsanlegg  som leier ut båtar til fiske. Ein fisketurist er definert som ein fritidsfiskar som overnattar på denne typen anlegg.

Innan fisketurismen eksisterer det også ein uformell sektor med privat utleige av bustader og fritidsbustader etc. Denne sektoren er ikkje kartlagt.

Skjema med fangsttal

Etter ei intensiv kartlegging sat forskarane att med ei liste på 445 verksemder (rorbuanlegg, hytter osv) til bruk i rapporteringsarbeidet. Det vart oppretta samarbeid med eit representativt utval av desse verksemdene, som rapporterte fangsttal til instituttet kvar sjette veke i heile 2009. Desse tala kom frå skjema der fisketuristane sjølve har ført sine daglege fangstar. Rapporteringa har vore kontrollert av eigaren på fisketurismeverksemda.

Art og geografisk fordeling

Basert på dei innrapporterte fangsttala og fleire veker med talknusing og kvalitetssikring opererer forskarane no med ein totalfangst for turistfisket på 3 335 tonn. Det innrapporterte materialet viser også størrelsen på fangsten per art i nord og sør. 

I  Nord-Noreg vert det teke mest torsk , medan sei er den vanlegaste fangsten i Sør-Noreg. Det vert nesten fiska ti gonger meir fisk i Nord-Norge enn i resten av landet. For Nord-Noreg opererer Vølstad og kollegaene med ein totalfangst på 2 958 tonn.

Realistisk eigenrapportering

Talmaterialet er basert på eigenrapportering, men Vølstad er ikkje uroa for at næringa skal melda inn for låge fangstar. Det er brukt mykje tid på å snakka med dei som driv fisketurismeanlegg for å sikra gode rapporteringsrutinar.  Forskarane frå Havforskingsinstituttet har brukt store ressursar på å besøka og følgja opp fisketurismebedriftene.

– Det er jo lovleg å fiska så mykje ein vil. 15 kilos regelen gjeld fisk ein tek med seg ut frå Noreg, ikkje ut av havet.  Vi har lagt veldig stor vekt på at vi treng nøyaktige tal. Det er dessutan i fisketurismenæringa si interesse at omfanget av turistfisket er korrekt, ikkje minst med tanke på ei mulig, framtidig kvoteregulering, seier Vølstad.  

Meir å kartleggja

Fritidsfisket i Norge omfattar ikkje bare turistar som kjøper fiskeferie i dei spesialiserte fisketurismebedriftene, men også fisketuristar som leiger privatbustader og fritidsbustader og nordmenn i eigen bustad eller fritidsbustad. Å kartleggja fiskeuttaket  i denne sektoren vert lang meir omfattande. Den norske kystlinja er ca. 25 000 kilometer lang og vel 80 prosent av den norske befolkninga bur mindre enn ti kilometer frå kysten. Tal frå statistisk sentralbyrå syner at ca. halvparten av den vaksne befolkninga i Norge fiskar ein eller fleire gonger årleg.

– Å kartleggja fritidsfisket vert ei særs krevjande oppgåve, ikkje minst fordi det er stor variasjon i mengda ein fritidsfiskar tar opp. Det er forskjell på dei ivrige og ikkje fullt så ivrige fritidsfiskarane. Studiar frå andre land viser at 20 prosent av fritidsfiskarane står for 80 prosent av fangsten, fortel Jon Helge Vølstad.

 

Turistfiskeprosjektet:

Kontaktpersoner

Jon Helge Vølstad
469 29 039