2011-kvoteråda frå Det internasjonale råd for havforskning, ICES, er klare for bestandane nordaustarktisk torsk, nordaustarktisk hyse, nordaustarktisk sei, blåkveite, kysttorsk nord for 62 grader nord, snabeluer og uer.
Nedgang for seien
- Nordaustarktisk sei har ikkje hatt gode årsklassar sidan 2002, og kvoterådet er gått ned, seier forskar Sigurd Tjelmeland på Havforskingsinstituttet. Det er heller ingen framgang for snabeluer og vanleg uer, sjølv om det er ein svak vekst å spora i rekrutteringa til snabeluer. Rådet for dei to artane er uendra frå i fjor. Det gjeld også for blåkveite.
Toktresultat tyder på at gytebestanden for kysttorsk er nær det lågaste som er observert.
- For kysttorsken held Havforskingsinstituttet fast på rådet om nullfangst, seier Tjelmeland.
Kontaktperson:
Sigurd Tjelmeland, telefon 55 23 84 21/957 46 021
