Hopp til hovedteksten
Statsbesok_imr.jpg
Dronning Beatrix av Nederland saman med administrerande direktør Tore Nepstad på Havforskingsinstituttet. Seniorforskar SIgurd Tjelmeland (t.v.) snakka om økosystembasert forvalting i fiskeria.   
Utskriftsvennlig versjon

Breitt om berekraft for Beatrix

Berekraftige fiskeri til sjøs og i oppdrettsnæringa var tema då dronning Beatrix av Nederland, det norske kongeparet og forskarar og fiskarar frå dei to landa deltok på rundebordskonferanse på kystvaktskipet ”Bergen”.  

Av Marie Hauge

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen ønskte velkommen. Ho la vekt på at det gode samarbeidet mellom Noreg og Nederland, som har felles interesser blant anna i Nordsjøen, må vidareførast og styrkast. 

Debatten vart innleia med innlegg frå seniorforskarane Sigurd Tjelmeland og Karin Kroon Boxaspen frå Havforskingsinstituttet, som snakka om høvesvis økosystembasert forvalting innan fiskeri og berekraftig fiskeoppdrett. Forskingsdirektør Einar Svendsen var innleiar og ordstyrar under diskusjonen.

Både Noreg og Nederland har fått erfara konsekvensane av overfiske, og lærdomen i etterkant av sild- og tunfiskkollapsane har vore dyrekjøpt. Dei siste åra har det utvikla seg ei sams forståing for at økosystembasert forvaltning er vegen å gå for å oppnå eit berekraftig uttak av dei levande marine ressursane. Kva som faktisk ligg i denne typen forvaltning er mindre klart; her gjenstår det enno mykje forsking. 

Forskarane peika på korleis dei ulike ledda i den marine næringskjeda påverkar kvarandre, og kor utfordrande det er å innarbeida desse interaksjonane til dømes når det vert gjeve kvoteråd. Både frå forskar- og fiskarhald, representert ved Inge Halstensen frå Fiskebåtredernes forbund, vart det understreka at kunnskap og forsking er heilt avgjerande skal ein lukkast med å implementera økosystemtanken i råd og forvalting. Deltakarane var også innom utkast, ulovleg fiske og breiare samarbeid mellom forskarar og fiskarar. Her vart den norske referanseflåten trekt fram som eit godt eksempel på vellukka samhandling mellom forsking og næring.

Oppdrettsdelen vekte også interesse hos dronning Beatrix, sjølv om Nedeland ikkje er nokon stor akvakulturnasjon. Etter foredraget frå Kroon Boxaspen ønskte ho mellom anna å vita korleis ein kan driva fram steril oppdrettsfisk og om det er stor genetisk skilnad på oppdrettslaks og villaks.

I samband med det nederlandske statsbesøket pågår det også ein næringskonferanse på Havforskingsinstituttet der temaet berekraft vert drøfta meir grundig og frå fleire innfallsvinklar.