Hopp til hovedteksten
Blåskjell
Utskriftsvennlig versjon

Blåskjel nær normalen etter ”Full City”

Blåskjela som vart forureina av oljeutsleppet frå ”Full City” er nesten attende til det normale. Det viser dei siste målingane gjorde av Havforskingsinstituttet.

Av Marie Hauge

Dei første miljøundersøkingane etter at ”Full City” forliste i månadsskiftet juli/august 2009 viste at blåskjela hadde relativt høge verdiar av oljekomponentar. Det galdt også blåskjel som var teke eit stykke vekke frå havaristen.

No har Havforskingsinstituttet gjennomført nye målingar av oljeforureining og PAH i blåskjel frå  området rundt det havarerte lasteskipet. Det er også gjort analysar av skjel frå kysten av Aust-Agder, Telemark og Vestfold. Prøvane viser at nivået av oljekomponentar i skjela er gått vesentleg ned. Instituttet karakteriserer forureininga i det oljepåverka området som ubetydeleg. 

Området som er undersøkt er ganske stort, og forskar Stepan Boitsov, som er ein av forfattarane av rapporten, seier at det er funne generelt låge forureiningsverdiar. 

- Tre stader i Aust-Agder og Telemark er det konstatert forhøgde nivå i blåskjela, men det har ikkje samanheng med ”Full City”, seier Boitsov.

50 blåskjel frå kvar av dei 21 lokalitetane er undersøkt. NIFES har gjort ei vurdering av mattryggleiken i samband med blåskjelanalysane.