Hopp til hovedteksten
Junitokt_Fordefjorden.jpg
Terje van der Meeren i ferd med å samla inn hydrografidata (saltinnhald, temperatur og oksygen) frå Førdefjorden. I bakgrunnen ligg Engebøfjellet, der Nordic Mining har søkt om løyve til gruvedrift.
Foto: Ole Ingar Paulsen
Utskriftsvennlig versjon

Nye funn frå Førdefjorden

Nye data viser at det har vore ei omfattande vassutskifting i Førdefjorden dei siste månadene. Data viser også at Redalsvika i tillegg til å vera ein sentral gyteplass, er viktig som oppvekstområde for torskelarver og yngel.

Marie Hauge

–Målingar gjorde i juni viser at det har vore ei utskifting over den grunne terskelen ved Ålasundet og inn i Førdefjorden, nett slik vi tolka målingane etter toktet i mars, seier forskar Terje van der Meeren, som har vore med på begge dei to tokta i Førdefjorden.

Auka risiko for spreiing av gruvestøv

I ein uttale  til Klif i samband med det planlagde gruvedeponiet i Førdefjorden har Havforskingsinstituttet tidlegare påpeika at det i denne typen dynamiske fjordsystem er stor risiko for spreiing av finfraksjon (partiklar som er mindre enn 0,04 mm) frå gruveavfallet. Omrøringa og dei massive utskiftingane av vatn vil kunna føra det finpartikla støvet både opp i vassøyla og utover større delar av fjorden. 

–  Når det no er stadfesta at det faktisk skjer slik utskifting også i Førdefjorden, understrekar det risikovurderinga i instituttet sin høyringsuttale, seier Terje van der Meeren.

Straum av atlantisk vatn

Grovt fortalt skuldast den omfattande utskiftinga store mengder atlantisk vatn som har strøymt inn over dei djupe tersklane vest for Kinn og ved Skjeljevikneset.  Atlanterhavsvatnet blandar seg med og til dels løftar dei eksisterande vassmassane i fjorddjupet, som er mindre salte og dermed lettare enn vatnet som strøymer inn. Vassmassar med høgt saltinnhald har òg blitt løfta over dei grunne tersklane. Det har skjedd både i Ålasundet og inn til Redalsvika.

Enorm vassutskifting

Det er snakk om enorme mengder vatn; i rapporten frå juni-toktet er det estimert at minst 6 milliardar kubikkmeter vatn kan ha bytta plass i fjordsystemet innanfor Oddane sør om Florø undervegs i prosessen. Denne typen utskiftingar skjer gjerne i periodar med mykje nordavind, slik det har vore til no i år. Slike utskiftingar vil skje med jamne mellomrom, og er ikkje noko uvanleg fenomen rundt om i dei fleste vestlandsfjordar. 

Rekruttering til torskebestanden

Under toktet i mars vart det konstatert at Redalsvika er det viktigaste gytefeltet i den midtarste og ytste delen av Førdefjorden. Då forskarane var i området igjen i juni, vart det funne store mengder larver og yngel. I toktrapporten heiter det at Redalsvika truleg også er eit viktig oppvekstområde for torsk.

Torskeyngel_Redalsvika.jpg

Det vart funne godt med larver og yngel fra torsk i Redalsvika, sjølv om det berre var utført eitt trål. Området er truleg viktig for rekruttering av torsk til Førdefjorden. 

Foto: Terje van der Meeren

Redalsvika ligg nær Engebøfjellet, og Havforskingsinstituttet har påpeika at sigevatn frå eit planlagt nærliggjande gråbergsdeponi, støvpartiklar frå botnen og sprengingsstøy frå gruveverksemda kan koma til å verka stressande på kysttorsken i gyteperioden. 

– Vi veit at torsken gyt i Redalsvika, og det ser også ut som om larvene og yngelen vert verande der til dei trekkjer ned mot botnen i tre–fire månaders alderen. Det kan bety at Redalsvika i tillegg er eit sentralt oppvekstområde for torskeyngelen og dermed viktig for rekrutteringa til torskebestanden i området, seier Terje van der Meeren.

Heile rapporten finn du i boksen til høgre på sida.