Dei to prisane vart delte ut då Havforskingsinstituttet gjennomførte sin årlege fagdag i Grieghallen. To eksterne juryar står for kåringa.
Formidlingsprisen
- Han har vilje, iver og kunnskap nok til å stå fram som torskekjennaren, var blant godorda frå juryen til Terje van der Meeren.
Den eksterne juryen som tel Maren Esmark (WWF Norge), Anne-Mari Astad (Vitenskapsakademiet) og Øyvind André Haram (Fokus Bank) la elles vekt på Terje van der Meeren si evne til å nå ut til folket, at han er truverdig og engasjert.
- Gjennom kandidaten klarer Havforskingsinstituttets å svare godt for seg og ikkje minst fronte forskinga om vår ”nasjonalfisk”, skriv juryen i si grunngjeving.

Dan Glover takkar for publikasjonsprisen.
Foto: Marie HaugePublikasjonsprisen
Av dei 165 artiklane som vart publiserte i 2008 vart 17 nominerte til publikasjonsprisen. Då finaleheatet var avvikla stod Kevin Glover att som vinnaren.
'Metodisk mest spennende og lovende etter vår vurdering', skriv juryen om Kevin Glover og medforfattarane sin studie av genetisk identifisering av rømt laks.
Vidare heiter det:
'Bra framstilling. Arbeidet peker framover mot framtidige kontroll- og forvaltningsregimer der det vil bli lettere å spore kilden til rømt fisk, og dermed lettere å redusere en av de største truslene for norsk villaks. Arbeidet har også helt klare relevanser for andre arter i havbruk og fiskeri'.
På andreplass og hakk i hæl kom Svein Sundby og Odd Nakkens studie av dekadisk variasjon i skreiens gytefelt.
Trond Kristiansen og medforfattarane sin modellstudie av torskelarver, Calanus og oseanografi fekk ein respektabel tredjeplass.
I juryen sat Torstein Pedersen (Forskningsrådet), Stig Falk-Petersen (Norsk Polarinsitutt) og Jarl Giske (Universitetet i Bergen).
