Hopp til hovedteksten
ministerlunsj-001.jpg
Fiskeri- og kystministeren fekk servert lunsj og marine fakta av administrerande direktør Tore Nepstad.  
Foto: Marie Hauge
Utskriftsvennlig versjon

Ministerlunsj med marine fakta

Lakselussituasjonen spesielt og komande utfordringar generelt stod på programmet då fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen vitja Havforskingsinstituttet.

Av Marie Hauge

- Instituttet er ein forskingsmessig juvel for kongeriket, innleidde administrerande direktør Tore Nepstad, og skisserte det breie spekteret av forskingsfelt på instituttet.

Nepstad snakka også om dei nye økonomiske rammene som tvingar instituttet til omstilling. Sjølv om det blir ein krevjande prosess, trur Nepstad på positive effektar av omstillinga. Det gjeld særskildt i høve den nye oppdragsprofilen – mellom anna meir retta mot økosystembasert forvalting – som instituttet i stadig større grad skal driva etter. Han avslutta med å gjenta oppmodinga om at Noreg treng eit Hav og kystdepartement, som kan driva ei heilskapleg forvalting av både ressursar og miljø i kyst og havområda.  

Ministeren og hennar følgje frå departementet fekk også ei rask innføring i stoda i norske fiskeri, der årleg verdi på havbruk etter kvart har vakse seg større enn verdien av dei ville fiskeria. Forsuring og klima vart trekte fram som felt der instituttet er tungt inne i miljøforskinga.

Lakselusekspert Karin Kroon Boxaspen orienterte om lakselussituasjonen. Ho opplyste at det kan sjå ut som lakselus langs heile kysten har utvikla ein generell resistens mot dagens medikament. Soneinndeling og brakklegging er blant tiltaka som er vurderte for få ned dei høge forekomstane av lakselus.