Hopp til hovedteksten
bilde_imr.jpg
Frå monteringa av røyret på det nye oppstrøsmanelgget i Lysefjorden.
Foto: Arne Berge
Utskriftsvennlig versjon

Styrer fjorden med ferskvatn

Ved hjelp av ein kraftstasjon, eit røyr og store mengder ferskvatn er Lysefjorden omgjort til verdas mest avanserte fjordlaboratorium. Her kan forskarane studera live korleis næringssalt og algar påverkar økosystemet i fjorden. 
 

Av Marie Hauge

Prinsippet for styrt oppstrømming er kjent (sjå ramme), men i Lysefjorden er prosessen no teke eit grønt sjumilssteg vidare. Med utgangspunktet i nærmast rørande enkel teknologi kan forskarane langt på veg kontrollera den viktige algeproduksjonen inst i fjorden.

Straumfritt prinsipp

Pumpa som tidlegare førte brakkvatn frå overflata ned i djupet er erstatta med eit 34 meter langt røyr kopla rett på vassutløpet til Lysebotn kraftverk. Lysefjorden Forskningsstasjon står for drifta av røyropplegget.
Eit fall på ein til halvannan meter gjev energi nok til å føra overskotsvatnet frå kraftproduksjonen ut og ned i fjorden. Der blandar ferskvatnet seg med næringsrikt djuptvatn før den ”ferdiggjødsla” miksen stig mot overflata.

Meir effektivt

I tillegg til at det ikkje trengs noka ekstern energikjelde, er røyret langt meir effektivt enn det gamle pumpesystemet.

– 3000 liter vatn per sekund strøymer ned i djupet, medan vi får opp om lag 50 000 liter i sekundet. Det er lang meir enn tidlegare, fortel Tore Strohmeier frå Havforskingsinstituttet. 

Saman med kollegaene Jan Aure og Øivind Strand har Strohmeier arbeidd med oppstrømmingsforsøk frå pilotanlegget i Lysefjorden sidan 2004.

Enkelt, driftssikkert og miljøvenleg

Jan Aure, som er oseanograf, kom først på tanken om å bruka ferskvatn frå kraftverket til oppstrømminga. Forutan å vera særs miljøvenlig, er røyret også enklare og sikrare å drifta enn pumpa, som var plassert på ein flåte inst i Lysefjorden.

Då dei tekniske utfordringane i tilknyting til røyrløysinga var fjerna, tente også kraftselskapet Lyse på ideen. No bidreg røyret positivt på selskapet sitt klimabudsjett. 

Stort potensial

Oppstrømming på gamlemåten (pumpe og brakkvatn) tredobla algemengda i forsøksområda. No er forskarane spente på kva effekten blir av det nye systemet. Potensialet er stort. Først og fremst er det venta at algemengda når ut i ein større del av fjorden.

– Ferskvatnet frå røyret har kraftigare oppdrift enn brakkvatnet. Dessutan kan vi i større grad enn før regulera vasskapasiteten slik at oppstrømminga vert optimal, seier Tore Strohmeier. 

Røyret har vore i drift i vel to månader. Eldprøven kjem først til våren når naturen sjølv set i gang med våroppblomstringa . Det skjer når lys-, vind- og vassforholda stemmer. Tidspunktet kan variera frå år til år.

I kontrollerte former

Styrt oppstrømming vil betre produksjonsforholda for framtidas blåskjeldyrkarar. Metoden sikrar god og jamn fødetilgang for blåskjel og andre oppdrettsartar også utanom våroppblomstringa. Det driftssikre og enkle røyropplegget gjer at forskarane til ei kvar tid kan skreddarsy oppstrømminga i høve til miljøforholda i fjorden elles.

– Oppstrømming skjer naturlig i fjordane våre. Vi kjenner grenseverdiane og styrer produksjonen deretter, seier Øivind Strand.

Giftalgar er ein annan bøyg i blåskjelnæringa. Forskarane trur dei kan bidra også her. Styrt oppstrømming resulterer ikkje berre i meir algar; produksjonen ser i tillegg ut til å vera dominert av ikkje giftige-algar.

Restaurerer fjorden

Anledninga til styrt oppstrømming i så kontrollerte former gjer Lysefjorden til det ideelle fjordlaboratorium. Forskarane kan køyra fullskala forsøk, og får sjå i praksis korleis varierande grad av næringssalt og algeproduksjon påverkar økosystemet.

Kraftproduksjon kan redusera algemengda i ein fjord. Øivind Strand fortel at styrt oppstrømming i slike tilfelle kan føra algemengda tilbake til det opphavlege nivået.  

– Erfaringane frå Lysefjorden viser at styrt oppstrømming også kan fungera som eit restaureringstiltak, seier han.

Anlegget i Lysefjorden er det første i sitt slag, men Strand og Strohmeier ser ikkje bort frå at koplinga ferskvatn og styrt oppstrømming etter kvart kan gjennomførast andre stader i Noreg.

Styrt oppstrømming

  • I naturen føregår det ei naturlig omrøring av vassmassane i vinterhalvåret. Omrøringa gjer at næringssalt frå djupare vassmassar vert løfta opp i lyset og blir verande der.
  • Denne omrøringsprosessen er avgjerande for den viktige våroppblomstringa: Tilførsla av næringssalt til overflatelaget set i gang algeproduksjonen, som er startskotet for den mest grøderike perioden i fjorden.
  • Elles i året kan sterk vind og spesielle straumforhold skapa ei liknande omrøring i vassøyla.
  • Styrt oppstrømming skjer ved at ferskvatn vert ført ned i fjorden. Fordi ferskvatnet er lettare enn saltvatn stig det mot overflata. På vegen oppover tar det med seg saltare, meir næringsrikt djupvatn.
  • Det næringsrike vatnet stimulerer algeproduksjonen like under overflatelaget. Slik kan styrt oppstrømming sikra jamn fødetilgang for blåskjel og andre oppdrettsartar.  

 

Utløpet på Lysebotn kraftverk

Kontaktpersoner

Jan Aure
913 22 983
Øivind Strand
473 08 955
Tore Strohmeier
907 20 754