Av Marie Hauge
Kong Harald trykte på knappen, og med det vart den nye nettsida offisielt opna. Men det var ikkje blanke ark som møtte kongen og resten av følgjet hans.
Dei ivrigaste brukarane av Artsdatabanken sine eksisterande rapporteringstenester hadde fått med seg at det no er råd å melda inn fiskefunn, og hadde tjuvstarta. Dei har rapportert om blant anna St. Petersfisk, havål og svartflabb (eigen breiflabbart med svart bukhinne, relativt sjeldan hos oss). Havforskingsinstituttet har alt sikra seg nokre av eksemplara til nærare undersøking.
Rapporteringstenesta for fugl, som Artsdatabanken har drive nokre år, har alt overstige fire millionar innrapporteringar. Fiskeobservasjonane når neppe same omfang, men etter kvart er det venta hundretusenvis av observasjonar kvart år. Det er Havforskingsinstituttet som kvalitetssikrar observasjonane for marine artar, anadrom og katadrom fisk.
Brukarane registrerer seg på artsobservasjonar.no/fisk, og legg inn ei rekkje opplysningar om fangsten: Art, storleik, stad for fangsten og foto om det finst. Kvar brukar får ein konto for sine observasjonar som fungerer som ei slags fangstdagbok.
Nettsida for fiskeobservasjonar er eit samarbeid mellom Havforskingsinstituttet, Artsdatabanken og Norsk Zoologisk Foreining (ferskvassfisk).
